Logo
🔍

Jobs bok 27 N78NN

« Eg held fast på min rett

1. Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2. Så sant Den Allmektige lever, han som ikkje lèt meg få ¬min rett, Gud som har gjort meg beisk ¬i hug:

3. Så lenge det er livsande i meg, pust frå Gud i min nase,

4. skal eg ikkje ta urett ¬på mine lipper eller svik på mi tunge ¬når eg talar.

5. Eg kjem aldri til å gje dykk rett; så lenge eg lever, gjev eg ikkje opp mi ¬ærlege ferd.

6. Eg held fast på min rett ¬og slepper han ikkje. Hjarta mitt klagar meg ikkje for noko eg har gjort i mitt liv.

7. Lat min fiende stå der ¬som niding, min motstandar ¬som ugjerningsmann.

8. For kva kan den gudlause ¬vona på når Gud skjer livstråden av og gjer ende på hans liv?

9. Høyrer Gud hans klagerop når trengsla kjem over han?

10. Kan han gleda seg ¬over Den Allmektige og stendig ropa til Gud?

11. Eg vil læra dykk om Guds makt og ikkje dølja kva ¬Den Allmektige har tenkt.

12. De har då sett det, alle saman. Kvifor kjem de så ¬med tome ord?

13. Dette er den lagnad som det vonde mennesket får ¬hjå Gud, den arv som valdsmannen får frå Den Allmektige.

14. Om borna hans er mange, skal dei falla for sverd, og etterkomarane får ikkje brød, så dei kan eta seg mette.

15. Dei som slepp unna, ¬skal døy i pest, og enkjene held ikkje ¬syrgjehøgtid.

16. Når han haugar opp sølv ¬som mold og samlar seg klede som leire,

17. skal rettferdige kle seg med det han har samla, og skuldlause menn dela sølvet.

18. Det huset han byggjer, er som spindelvev, som lauvhytta vaktmannen ¬lagar seg.

19. Han legg seg ned ¬som rikmann, men det gjer han aldri meir; når han vaknar, ¬er rikdomen borte.

20. Redsler når han att som vatn, om natta ¬sopar stormen han bort.

21. Austavinden lyfter han opp og riv han med, ¬så han fer av stad.

22. Folk kastar på han utan skånsel, han må røma frå deira vald ¬og makt.

23. Dei klappar hånleg i hendene og pip han bort frå hans stad.

»