Logo
🔍

Jobs bok 28 N78NN

« Kvar kjem visdomen frå?

1. Det finst gruver ¬der det er sølv, og stader der dei vaskar ut gull.

2. Jern hentar dei fram or jorda, og kopar smeltar dei ¬ut or malmen.

3. Menneska bryt ¬igjennom mørkret; inst i krokane leitar dei opp stein som ligg i svarte mørkret.

4. Arbeidarar frå framande land ¬grev sjakter. Gløymde av folk ¬og utan fotfeste heng dei og dinglar i reip langt borte frå menneske.

5. Jorda gjev brødkorn; men djupt der nede vert ho omsnudd med eld.

6. I steinen er det safir, og der finst det gullklumpar òg.

7. Ingen rovfugl kjenner vegen dit, den har inkje falkeauga sett.

8. Der har korkje stolte rovdyr gått eller løveungar sett sin fot.

9. Folk legg hand ¬på den harde steinen og grev fjella om frå grunnen.

10. Når dei høgg ut gangar i berget, får dei auga ¬på alle slag dyre ting.

11. Dei demmer for dropet ¬frå vassårene og hentar løynde skattar ¬fram i dagen.

12. Men visdomen, ¬kvar finst vel han, og vitet, ¬kvar har det sin bustad?

13. Ingen veit kva han er verd, han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.

14. Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,» havet seier: «Han er ikkje her.»

15. Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull, prisen kan ikkje betalast ¬med sølv;

16. han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull, for dyr karneol og safir.

17. Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han, og ingen kan byta han til seg for kar av det finaste gull.

18. Korallar og bergkrystall kan ikkje nemnast attåt han; å eiga visdom ¬er betre enn perler.

19. Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han, han kan ikkje betalast ¬med reint gull.

20. Kvar kjem då visdomen frå, og kvar har vitet sin bustad?

21. Han er usynleg ¬for alle som lever og løynd for fuglane ¬under himmelen.

22. Undergangsstaden ¬og døden seier: «Vi har berre høyrt ¬ei tidend om han.»

23. Men Gud kjenner vegen ¬til visdomen, han veit ¬kvar han har sin bustad.

24. Hans auga når ¬til heimsens endar, alt under himmelen ser han.

25. Då han gav vinden styrke og lét vatnet få det rette mål,

26. då han sette ei lov for regnet og gjorde veg for toreskya,

27. då såg han visdomen ¬og mælte han, han lét han stå fram ¬og granska han.

28. Og han sa til mennesket: Å ottast Herren, det er visdom, å halda seg frå vondskap, ¬det er vit.

»