Jobs bok 29 N78NN
1. Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2. Gjev eg hadde det ¬som i farne dagar, då Gud verna om meg,
3. då hans lampe lyste ¬over mitt hovud, og eg gjekk gjennom mørkret ¬i hans ljos,
4. som eg hadde det då eg var ung, då Guds venskap kvilte ¬over mitt telt,
5. då Den Allmektige ¬endå var med meg, og eg hadde mine søner ¬ikring meg,
6. då eg kunne lauga mine føter ¬i mjølk, og bekker av olje rann ned ¬frå berget.
7. Når eg gjekk ut til byporten og tok sete på torget,
8. då drog dei unge seg tilbake så snart dei fekk auga på meg, og dei gamle reiste seg og stod.
9. Hovdingar heldt opp med å tala og la handa på sin munn.
10. Stormenn tagna, tunga deira hang fast ¬ved ganen.
11. Alle som høyrde om meg, prisa meg sæl, og kvar den som såg meg, gav meg lovord.
12. Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp, den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.
13. Forkomne menneske ¬velsigna meg, eg gjorde enkjer jublande glade.
14. Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad, rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.
15. Augo var eg for dei blinde og føter for dei halte.
16. Eg var ein far for dei fattige og granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.
17. Eg knuste kjaken på nidingar og reiv rovet ut or gapet på dei.
18. Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir, mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.
19. Til mine røter ¬skal vatn finna veg, og dogg skal falla ¬på mine greiner.
20. Støtt skal mi ære fornyast ¬for meg og bogen få ny kraft ¬i mi hand.»
21. Folk høyrde på meg, dei venta og var stille når eg gav råd.
22. Og når eg hadde tala, tok ingen ordet; min tale draup ned over dei.
23. Dei venta på mine ord ¬som på regn, dei opna munnen ¬som for vårregn.
24. Var dei motlause, ¬smilte eg til dei; stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull.
25. Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og trona som ein konge ¬mellom sine stridsmenn, lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer.