Logo
🔍

Jobs bok 3 N78NN

« Job klagar si naud

1. Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin.

2. Han tok til ords og sa:

3. Bort med den dagen ¬då eg vart fødd, den natta då det vart sagt: «Ein gut er avla.»

4. Gjev den dagen ¬vart stummande mørk! Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter han og ljosstrålar aldri skein på han.

5. Gjev kolmørker kravde han, gjev skyer la seg over han og solmørking skræmde han.

6. Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta, så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagar og ikkje kom med ¬i månadstalet.

7. Ja, gjev den natta ¬vart utan frukt og aldri vart helsa med jubel.

8. Lat dei lysa forbanning ¬over henne, dei som manar fram ¬ulukkedagar, og som kan eggja opp Leviatan.

9. Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast, lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem, lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar!

10. For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for meg og løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn.

11. Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd, kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda?

12. Kvifor tok dei meg på fanget og la meg til brystet ¬så eg fekk mat?

13. No kunne eg ha lege still og sove i fred og ro

14. saman med kongar ¬og styresmenn som bygde seg slott ¬der det no er ruinar,

15. eller med stormenn ¬som åtte gull, og fylte husa sine med sølv.

16. Eller eg hadde ikkje vore til, som eit nedgrave foster, lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.

17. Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir, der kviler dei ¬som har mist si kraft.

18. Alle fangar kan ta det med ro, dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.

19. Der er små og store like, og trælen er fri frå herren sin.

20. Kvi gjev han ljos ¬til den som lid, kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?

21. Dei ventar fåfengt på døden og søkjer han med større iver enn ein grev ¬etter løynde skattar.

22. Dei ville gleda seg og jubla, ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.

23. Dei er folk som ingen utveg ser, Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.

24. Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød, mine klagerop strøymer ¬som vatn.

25. Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg, no hender det eg grua for.

26. Eg får ikkje fred, ¬ikkje ro og kvile, det kjem berre nye plager.

»