Logo
🔍

Jobs bok 31 N78NN

« Eg vil gjera rekneskap for mitt liv

1. Eg har gjort ein avtale ¬med augo mine at eg ikkje skal sjå på ei møy.

2. Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen, kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?

3. Ulukke kjem over den ¬som gjer urett, og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.

4. Ser ikkje Gud korleis eg ferdast, tel han ikkje alle mine steg?

5. Skulle eg ha fare med svik og vore snar på foten ¬til å lura folk?

6. Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt, så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.

7. Har eg bøygt av frå vegen og med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta, finst det flekker ¬på mine hender,

8. då kan ein annan få eta ¬det eg har sått, og grøda kan rivast opp ¬med rot.

9. Har eg late meg dåra ¬av kvinner, har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,

10. då skal kona mi ¬mala korn for ein annan og andre få bøya seg ¬ned over henne!

11. For det ville vera skamlaus ferd, ei misgjerning ¬som fører til straff,

12. ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen; han skulle øyda all mi avling.

13. Krenkte eg retten ¬når eg hadde sak med min træl ¬eller mi trælkvinne,

14. kva skulle eg då gjera når Gud stod opp til doms, kva skulle eg svara når han granska mi sak?

15. Han som skapte meg i mors liv, har ikkje han skapt ¬den andre òg? Er det ikkje den same Gud som har forma oss begge ¬i mors liv?

16. Har eg sagt nei til småkårsfolk når dei bar fram sine ynske, og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?

17. Har eg ete mitt brød åleine, så farlause ikkje ¬fekk smaka det?

18. Nei, som ein far ¬har eg fostra dei heilt frå min ungdom, og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.

19. Kunne eg sjå at nokon flakka ikring ¬utan klede, at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?

20. Måtte han ikkje velsigna meg fordi han fekk verma hoftene med ull frå lamma mine?

21. Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus, fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,

22. så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakken og armen min gå or led!

23. For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud, kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.

24. Har eg sett mi von til gull eller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?

25. Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka, fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?

26. Når eg såg at solljoset stråla og at månen steig i sin glans,

27. då lét eg meg aldri dåra til å hylla dei med løynlege ¬kyss.

28. Nei, det hadde vore ¬ei misgjerning som førte til straff; då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.

29. Har eg gledt meg ¬over min fiendes fall eller jubla når ulukka råka han?

30. Eg lét aldri min munn ¬få synda så at eg forbanna han ¬og ynskte han døden.

31. Mitt husfolk kan sanneleg seia: «Fekk ikkje alle eta seg mette av kjøtet på hans bord?»

32. Og aldri laut ein framand liggja utfor mitt hus om natta; eg opna dørene for farande folk.

33. Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk, og gøymt mi skuld ved barmen,

34. av di eg var redd ¬for den store hopen, knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar, så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?

35. Gjev einkvan ville høyra ¬på meg! Sjå, her er mi underskrift – lat Den Allmektige ¬svara meg! Gjev eg hadde det skrivet som min motpart har sett opp!

36. Då skulle eg ta det på aksla, setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!

37. Eg skulle svara han ¬for alle mine steg og møta han som ein fyrste.

38. Dersom min åker skrik ¬imot meg og alle hans fòrer græt,

39. dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraft og gjort livet tungt ¬for dei som eig han,

40. så lat det veksa klunger ¬i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Her endar Jobs ord.

»