Logo
🔍

Jobs bok 32 N78NN

« Elihu tek ordet

1. No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett.

2. Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud.

3. Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett.

4. Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.

5. Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm.

6. Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa: Eg er ung av år, ¬og de er gamle. Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake, eg våga ikkje å seia mi meining.

7. Eg tenkte: «Lat alderen tala og dei mange år ¬forkynna visdom!»

8. Men det er ånda i mennesket og anden frå Den Allmektige som gjev det skjøn.

9. Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.

10. Difor seier eg: Høyr på meg! Eg òg vil seia mi meining.

11. Eg har venta på ¬at de skulle tala, og lydt etter vituge ord, medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.

12. Eg gav nøye akt på dykk; men ingen har vist ¬at Job tek feil, ingen har svara på hans ord.

13. Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han. Berre Gud ¬og ikkje noko menneske kan vinna over han.»

14. Han har ikkje retta sin tale ¬til meg, eg vil ikkje svara han så som de.

15. Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir, orda sviktar dei heilt.

16. Skal eg venta når dei ikkje talar, når dei står der ¬og ikkje kan svara?

17. Eg òg har noko på hjarta, eg òg vil seia mi meining.

18. For eg er full av ord, ånda i mi bringe driv meg.

19. Mi bringe er lik innestengd vin, lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna.

20. No må eg tala, så eg kan få luft, eg vil opna lippene ¬og ta til ords.

21. Eg gjer ikkje skil, vil ikkje smigra eit menneske;

22. for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger. Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort.

»