Jobs bok 34 N78NN
1. Elihu tok atter til ords og sa:
2. Høyr mine ord, de vise menn, lyd etter, de som veit så mykje!
3. Øyra prøver ord som vert sagde, liksom ganen smakar på maten.
4. Lat oss velja det som er rett, og saman finna ut ¬kva som er godt.
5. Job har sagt: «Eg er rettferdig, Gud har sett min rett til sides.
6. Eg har rett, ¬men vert halden for lygnar, eg er skuldlaus, ¬men såra til døden.»
7. Finst det ein mann som Job? Han talar spottord ¬som ein drikk vatn.
8. Han går i lag ¬med ugjerningsmenn og held seg til gudlause folk.
9. For han har sagt: Kva gagnar det ein mann om han er ven med Gud?
10. Difor skal de høyra på meg, de vituge menn. Gud gjer aldri vondt, Den Allmektige gjer ikkje urett.
11. Han løner mannen ¬for hans gjerning, lèt alle få att etter si ferd.
12. Nei, Gud gjer så visst ¬ingen urett, Den Allmektige rengjer ¬ikkje retten.
13. Kven har gjeve han tilsyn ¬med jorda og overlate heile verda til han?
14. Dersom han berre tenkte ¬på seg sjølv og tok att sin ande ¬og sin livspust,
15. då døydde ¬kvar levande skapning, og mennesket vart atter til mold.
16. Har du vit, så høyr på dette! Lyd nøye etter det eg seier!
17. Kan den som hatar retten, ¬styra? Torer du døma han ¬som er mektig og rettferdig?
18. Tru nokon seier til ein konge: ¬«Du niding!» eller til hovdingar: ¬«De gudlause menn»?
19. Gud held ikkje med fyrstar og vørder ikkje stormenn meir enn småkårsfolk. Alle er dei skapte av han.
20. Brått døyr dei og midt på natta, folket ragar og går til grunne. Jamvel dei mektige må vika, men ikkje for menneskehand.
21. Guds augo vaktar ¬på kvar manns vegar, han ser kvart steg dei tek.
22. Det finst ikkje mørker ¬eller skodd der ugjerningsmenn ¬kan gøyma seg bort.
23. Han gjev ikkje mannen lang tid før han må fram for Guds dom.
24. Utan forhøyr ¬knuser han mektige menn og set andre i staden for dei.
25. Difor legg han merke til ¬det dei gjer, og styrtar dei ned ei natt, ¬så dei vert knuste.
26. Han slår dei ¬som ugjerningsmenn på ein stad der alle kan sjå det,
27. fordi dei vende seg bort frå han og ikkje gav akt på hans vegar.
28. Så nådde det han, ¬klageropet åt dei fattige, han høyrde skriket ¬frå dei hjelpelause.
29. Men kven torer døma han ¬om han held seg i ro? Kven merkar det ¬når han løyner sitt andlet? Han ser til folket ¬og til kvar einskild.
30. Han lèt ingen gudlaus få styra eller leggja snarer for folket.
31. No seier du kanskje til Gud: «Eg fór vilt, men skal ¬aldri meir gjera vondt.
32. Det eg ikkje ser, ¬må du læra meg. Og har eg gjort urett, ¬gjer eg det aldri meir.»
33. Trur du Gud vil løna deg ¬som du ynskjer, når du vanvørder hans råd? Det er du som må velja, ¬ikkje eg, og så får du seia kva du veit.
34. Kvar vismann ¬som høyrer på meg, ja, alle kloke menn vil seia:
35. «Job talar utan skjøn, det er ikkje meining ¬i det han seier.
36. Lat Job for alltid ¬setjast på prøve, fordi han svarar ¬som ein ugjerningsmann.
37. Han legg synd til synd. Han hånar og spottar ¬imellom oss og brukar store ord mot Gud.»