Logo
🔍

Jobs bok 35 N78NN

« Dei som klagar utan å få svar

1. Elihu tok atter til ords og sa:

2. Du som sa: «Eg er rettferdigare enn Gud,» held du det for rett å spørja:

3. «Kva gagnar det meg, kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»

4. Eg skal gje deg svar, og venene dine med:

5. Vend augo mot himmelen ¬og sjå, legg merke til skyene ¬høgt der oppe!

6. Kva gjer det Gud ¬om du syndar? Alle dine brot, ¬kva skader dei han?

7. Og kva gjev du han ¬om du er rettferdig, kva kan vel han ta imot frå deg?

8. Din vondskap kjem over ¬dine medmenneske, berre menneskeborn ¬har gagn av di rettferd.

9. Folk klagar over alle ¬som er harde med dei, og ropar om hjelp ¬mot mektige menn.

10. Men ingen spør: ¬«Kvar er Gud, min skapar, han som lèt lovsong lyda ¬om natta,

11. som lærer oss meir enn dyra ¬på marka og gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»

12. Då ropar dei utan å få svar og klagar over hovmodet ¬åt dei vonde.

13. Nei, det er fåfengt. ¬Gud høyrer dei ikkje, Den Allmektige ¬ansar ikkje slikt.

14. Jamvel når du seier ¬at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.

15. Men no, ¬når Gud ikkje straffar i vreide og ikkje bryr seg stort om synda,

16. då opnar Job sin munn ¬til inga nytte og kjem med mykje uvitug tale.

»