Logo
🔍

Jobs bok 36 N78NN

« Korleis går det dei fromme og dei gudlause?

1. Elihu heldt fram og sa:

2. Ha tol med meg ei lita stund, så skal eg læra deg noko; for eg har endå meir å seia ¬om Gud.

3. Langt bortanfrå ¬vil eg henta min kunnskap og syna at min skapar har rett.

4. Det er sanneleg ikkje lygn, ¬det eg seier; det er ein kunnskapsrik mann ¬du har for deg.

5. Sjå, Gud er sterk og mektig, men han vrakar ikkje ¬dei fromme.

6. Dei gudlause held han ikkje ¬i live, men han lèt dei hjelpelause ¬få sin rett.

7. Han tek ikkje augo ¬frå dei rettferdige, men lèt dei for alltid ¬sitja med ære saman med kongar ¬på sine troner.

8. Vert dei bundne med lekkjer og fanga i tynande snarer,

9. så er det fordi han vil minna dei om all den synd ¬dei har gjort i sitt hovmod.

10. Han opnar øyra deira ¬for åtvaring og byd dei venda om ¬frå det vonde.

11. Om dei då høyrer og tener han, får dei leva i lukke ¬alle sine dagar, i herlegdom og glede ¬alle sine år.

12. Men vil dei ikkje høyra, skal dei gjennomborast av spyd og missa livet i si vitløyse.

13. Støtt er dei gudlause harme og ropar ikkje til Gud om hjelp når han har bunde dei.

14. Dei døyr i sin ungdom ¬og endar sitt liv lik menn som driv tempelutukt.

15. Han bergar armingar ¬i deira naud, gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra.

16. Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle, til open mark ¬der ingenting tyngjer. Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter.

17. Du skal fullføra domen ¬over vonde menn, lov og rett skal råka dei.

18. Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spott eller store løysepengar ¬føra deg på avveg!

19. Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsle om du så brukar all di makt?

20. Du skal ikkje lengta ¬etter den natta då folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad.

Guds makt i naturen

21. Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap, så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.

22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde. Kven er ein lærar som han?

23. Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja? Kven kan seia at han gjer urett?

24. Kom i hug at du skal prisa ¬hans gjerningar, som menneska syng om.

25. Alle menneske ser dei ¬med glede, endå dei berre skimtar dei ¬langt borte.

26. Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje, ingen kan granska ¬hans tallause år.

27. Han dreg vassdropar opp til seg og lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet.

28. Det renn og dryp frå skyene ned over mange menneske.

29. Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv, og korleis det dyn ¬under hans telt?

30. Sjå, han breier ljos ikring seg. Han gøymer havsens djup.

31. Med regnet kan han straffa folk, og med det ¬kan han gje dei mat i mengd.

32. Han sveiper hendene i ljos og lèt lynet fara mot sitt mål.

33. Tora fortel at han er i kjømda, jamvel feet varslar ¬at han dreg fram.

»