Logo
🔍

Jobs bok 37 N11NN

«

1. Ja, dette får hjartet til å skjelva, til å hoppa i brystet mitt.

2. Lytt til braket av røysta hans, høyr korleis det drønnar frå munnen hans!

3. Han lèt lyn fara rundt heile himmelen, sender dei til heimsens endar.

4. Etterpå rullar tora, det er den mektige røysta hans som rungar. Han held ikkje lyna att når røysta hans høyrest.

5. Gud gjer under med si torerøyst, gjer storverk vi ikkje fattar.

6. Til snøen seier han: «Fall ned på jorda», like eins til regnet, det kraftige ausregnet.

7. Han set segl på kvar menneskehand, så alle menneske skal kjenna hans gjerning.

8. Villdyra går til hòlene sine, må halda seg i hi.

9. Stormen fer ut av kammeret sitt, nordavinden kjem med kulden.

10. Når Gud pustar, blir det frost, vassflata frys til.

11. Han fyller skyene med vatn, breier ut toreskyene sine.

12. Dei driv rundt, seglar etter hans plan for dei. Alt han byd, gjer dei over heile den vide jord.

13. Han lèt dei koma, somme for å straffa, somme for å gagna jorda hans, somme for å gjera vel mot henne.

14. Høyr på dette, Job! Stans og erkjenn Guds under!

15. Forstår du korleis Gud gjev skyene bod og lèt lyn skyta fram frå dei?

16. Forstår du korleis skyene kan sveva? Dette er hans verk, han som veit alt.

17. Du som får kleda varma opp når jorda døser etter sønnavinden,

18. kan du hjelpa han med å hamra ut himmelkvelven fast som ein spegel av støypt metall?

19. Sei oss kva vi skal svara han! I vårt mørker får vi ikkje fram eit ord.

20. Skal han få bod om at eg vil tala? Kven ønskjer vel å gå under?

21. No ser ikkje folk lyset, det er berre ein kvit flekk i skylaget; men så kjem vinden og feiar skyene bort.

22. Frå nord kjem eit gylle skin, Guds skremmande lysglans.

23. Den veldige finn vi ikkje; han er opphøgd i makt og rett. Stor er hans rettferd; han undertrykkjer ingen.

24. Difor fryktar menneska han, men han overser dei som trur dei er vise.

»