Jobs bok 37 N78NN
1. Ja, dette får hjarta ¬til å skjelva, av redsle hoppar det ¬i min barm.
2. Lyd på braket av hans røyst, høyr kor det dyn ¬frå hans munn!
3. Han lèt lynet fara ¬under heile himmelen, han sender det ¬til heimsens endar.
4. Sidan rullar tora, det er hans mektige røyst ¬som ljomar. Han sparer ikkje på lyn alt medan røysta hans lyder.
5. Gud gjer under ¬når røysta ljomar, han gjer storverk ¬som vi ikkje skjønar.
6. Til snøen seier han: ¬«Fall ned på jorda!» og det same ¬til det høljande regnet.
7. Då set han bom ¬for arbeidet åt menneska, så alle kan merka ¬hans gjerningar.
8. Villdyra går til sine holer og held seg i ro i sine hi.
9. Stormen fer ut or sitt kammer, og med nordavinden ¬fylgjer kulde.
10. Når Gud pustar, kjem det is, jamvel store vatn frys til.
11. Han fyller skyene med væte og breier ut sine lysande skyer.
12. Dei driv av stad og fer hit og dit etter som han styrer dei, og alt han byd, det gjer dei ut over heile den vide jord.
13. Han lèt dei koma for å straffa, om det er til gagn for jorda, eller for å gjera vel mot henne.
14. Høyr på dette, Job! Stå still ¬og legg merke til Guds under!
15. Skjønar du korleis Gud ¬gjev skyene påbod og lèt ljoset stråla fram frå dei?
16. Skjønar du ¬korleis skyene driv, eit underverk av han ¬som veit alt?
17. Du som klagar ¬over at kleda vert varme, når jorda dormar i sønnavind,
18. kan du hjelpa han ¬med å hamra skylaget fast som ein spegel ¬av støypt metall?
19. Sei oss kva vi skal svara han! Vi får ikkje fram eit ord ¬for berre mørker.
20. Får han bod når eg seier noko, får han vita at nokon talar?
21. No ser ikkje menneska ljoset, det er gøymt bak mørke skyer; men brått kjem vinden ¬og sopar dei bort.
22. Det kjem eit gylle skin frå nord, kring Gud ¬er ein skræmande ljosglans.
23. Den Allmektige ¬kan vi ikkje fatta. Høg er hans makt ¬og stor hans rettferd; og retten krenkjer han aldri.
24. Difor har menneska age ¬for han, men han ansar ikkje dei ¬som trur dei er vise.