Logo
🔍

Jobs bok 38 N78NN

« Herren talar til Job

1. Då svara Herren Job or stormen:

2. Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklår med uvituge ord?

3. Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg.

4. Kvar var du ¬då eg grunnla jorda? Sei fram, om du har skjøn!

5. Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel? Kven spente mælesnor ut ¬over henne?

6. Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned, og kven la hennar hjørnestein,

7. medan alle morgonstjerner ¬jubla, og alle Guds søner ¬ropa av fryd?

8. Kven stengde for havet ¬med portar, då det braut skummande fram ¬frå djupet,

9. den gong eg kledde det ¬med skyer og sveipte det i mørke skodda,

10. den gong eg sette grense for det og stengde med bom og dører?

11. Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger, her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer.

12. Har du nokon gong ¬kalla morgonen fram og synt morgonroden hans stad,

13. så han tek tak i endane av jorda og rister dei gudlause av?

14. Då tek ho form ¬som leira under seglet, og alt syner seg ¬som i nytt skrud.

15. Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde, og armen dei lyfte, vert knust.

16. Har du nått fram ¬til havsens kjelder og ferdast på botnen ¬av det store djup?

17. Har dødens portar ¬vist seg for deg, har du sett dørene ¬til den kolmørke staden?

18. Har du skoda ut ¬over viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette.

19. Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset, og kvar held mørkret til?

20. Så ta dei med til deira heimstad, du kjenner stigane til deira hus.

21. Du veit det ¬om du har levt så lenge at du var til då dei vart skapte.

22. Har du vore ¬der snøen kjem ifrå, har du sett staden ¬der haglet ligg?

23. Eg har spart dei til trengselstida, til det kjem ein dag ¬med kamp og krig.

24. Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg, og der austavinden ¬breier seg over jorda?

25. Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet, og kven brøytte veg ¬for tore og lyn,

26. så det regnde ¬over folketomt land, over øydemark der ingen bur,

27. så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn, og graset grodde or grunnen?

28. Har regnet ein far? Og kven har avla doggdropane?

29. Kva morsliv kjem vel isen frå, kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,

30. når vatnet frys og vert som stein og flata ¬på havdjupet ligg under is?

31. Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lekkjer?

32. Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid, eller leia Løva og hennar ungar?

33. Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen? Fastset du hans velde ¬over jorda?

34. Kan du lyfta di røyst til skyene, så vatnet fløymer ned over deg?

35. Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»?

36. Kven har gjeve ibisen visdom, kven har late hanen få vit?

37. Kven er så klok ¬at han kan telja skyer, og kven tømer vatn ¬or himmel-kara,

38. når jorda hardnar og fastnar, og molda klumpar seg saman?

»