Logo
🔍

Jobs bok 4 N78NN

« Kan eit menneske vera rettferdig for Gud?

1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2. Om ein prøver å tala til deg, ¬vert du motlaus. Men kven kan teia til slikt?

3. Sjølv har du rettleitt mange, kraftlause hender ¬har du styrkt.

4. Dine ord reiste opp ¬den som snåva, du gav kraft til skjelvande kne.

5. Men no, når det gjeld deg sjølv, ¬er du motlaus, når det råkar deg, er du redd.

6. Set du ikkje lit til di gudsfrykt og von til di ærlege ferd?

7. Tenk etter! Når miste ein skuldlaus livet, kvar gjekk rettvise folk ¬til grunne?

8. Dei som pløyer ned vondskap ¬og sår ulukke, haustar det same, ¬etter det eg har sett.

9. Andar Gud på dei, ¬går dei til grunne, pustar han i vreide, ¬vert dei borte.

10. Løva brøler, ¬og løveungen skrik, men tennene på ungløva ¬vert utslegne.

11. Jamvel løva går til grunne når ho ikkje finn rov, og løveungane vert spreidde.

12. Eit ord kom smygande til meg, for øyra lét det som kviskring.

13. Det kom då nattsyner ¬gjorde meg uroleg, medan folk låg i tung svevn.

14. Eg vart så redd at eg skalv, redsla gjekk meg ¬til merg og bein.

15. Ein pust strauk framom ¬mitt andlet, og håra reiste seg på mitt hovud.

16. Ein skapnad stogga, men eg såg ikkje klårt ¬korleis han var. Han stod beint ¬framfor augo mine, og eg høyrde ei roleg røyst ¬som sa:

17. Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud, kan ein mann ¬vera rein for sin skapar?

18. Gud lit ikkje eingong ¬på tenarane sine, hjå englane finn han feil,

19. kor mykje meir ¬hjå dei som bur i leirhus og berre har jord til grunnvoll, dei som kan knasast ¬lettare enn mòl.

20. Før dagen er til ende, ¬ligg dei knuste; utan at nokon ansar det, går dei til grunne for alltid.

21. Deira teltsnor vert oppriven, dei døyr, ¬men har ikkje fått visdom.

»