Logo
🔍

Jobs bok 40 N11NN

« Herren: Vil du vera rettferdig?

1. Då svara Herren Job ut av stormen og sa:

2. Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara.

3. Vil du dra mi rettferd i tvil, leggja skulda på meg så du kan få rett?

4. Har du så sterk ein arm som Gud, tornar røysta di som hans?

5. Så pryd deg då i stordom og velde, kled deg i høgd og herlegdom!

6. Lat vreiden din rasa, slå alle hovmodige ned med ditt blikk!

7. Sjå på dei stolte og audmjuk dei, trakk dei urettferdige ned der dei står!

8. Løyn dei alle i støvet, steng dei inne i mørkret!

9. Då ville også eg prisa deg for den sigeren du vann med di høgre hand.

10. Sjå Behemot: Eg skapte både henne og deg. Ho et gras som ein okse.

11. Sjå for ei kraft ho har i hoftene, og for ein styrke i bukmusklane!

12. Ho strekkjer ut halen, stiv som ein seder, og lårsenene er fast fletta.

13. Beina er som bronserøyr, knoklane som jernstenger.

14. Ho er Guds fremste verk, av skaparen fekk ho sitt sverd.

15. Fjella gjev henne føde, alle villdyra leikar der.

16. Ho kviler under lotusplanter, i ly av siv og sump.

17. Lotusen gjev skugge, piletrea ved elva omgjev henne.

18. Om elva fossar, er ho like roleg, trygg sjølv når Jordan brusar mot gapet hennar.

19. Kven torer openlyst angripa henne og dra ei snor gjennom nasen?

20. Kan du dra Leviatan opp med krok og halda tunga hans nede med band?

21. Kan du setja sivreip i nasen på han og stikka ein krok gjennom kjevane?

22. Vil han då trygla deg om nåde eller tala blidt til deg?

23. Gjer han pakt med deg så du kan ta han som slave for alltid?

24. Kan du leika med han som med ein fugl, leia han i band til småjentene dine?

25. Kjøpslår handelsmenn om han, stykkjar dei han ut mellom kjøpmenn?

26. Kan du fylla huda hans med spyd, hovudet hans med harpunar?

27. Legg du hand på han, får du ein kamp du vil hugsa og ikkje vil ha igjen.

28. Då blir håpet ditt til skamme. Du blir slegen ned straks du ser han.

»