Logo
🔍

Jobs bok 40 N78NN

«

1. Då svara Herren Job or stormen:

2. Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg.

3. Vil du dra mi rettferd i tvil, leggja skulda på meg, ¬så du får rett?

4. Har du så sterk ein arm ¬som Gud, ljomar røysta di som hans?

5. Så pryd deg ¬med høgd og herlegdom, kled deg med stordom og velde!

6. Lat berre vreiden rasa, slå alle hovmodige ned ¬med ditt blikk!

7. Ja, sjå på dei stolte ¬og bøy dei i kne, trø dei gudlause ned på flekken!

8. Gøym dei i jorda, alle i hop, og steng dei inne i mørkret!

Dei sterkaste dyra som Gud har skapt

9. Då skal eg òg prisa deg for sigeren du vann ¬med di høgre hand.

10. Sjå elvehesten! Eg har skapt både han og deg. Han et gras som ein okse.

11. Sjå for ei kraft han har i hoftene og for ein styrke i bukmusklane!

12. Han strekkjer ut halen, ¬stiv som ein seder, og lårsenene er fletta fast.

13. Knokar har han ¬som koparrøyrer og ei beingrind som jernstenger.

14. Han er det fremste ¬av Guds verk, skaparen gav han ¬så kvast eit sverd.

15. Fjella gjev han sine gåver, alle slag villdyr som leikar der.

16. Han kviler under lotusplanter, i livd av sev og sump.

17. Lotusen gjev tak og skugge, og piletrea attmed elva står som eit vern om han.

18. Han rømer ikkje ¬om straumen er strid; om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg.

19. Kven torer gripa han i augo og dra ei snor ¬gjennom nasen hans?

20. Kan du dra krokodillen opp ¬med krok og halda tunga hans nede ¬med snøre?

21. Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hans og stikka ein krok ¬gjennom kjaken?

22. Vil han då be deg audmjukt ¬om nåde eller tala blidt til deg?

23. Trur du han gjer ein avtale ¬med deg, så du kan ta han til træl ¬for alltid?

24. Kan du leika med han ¬som med ein fugl og fanga han ¬til småjentene dine?

25. Kan eit lag av fiskarar selja han og stykkja han ut ¬mellom kjøpmenn?

26. Kan du spekka hans hud ¬med spyd, hans hovud med harpunar?

27. Prøv berre å leggja hand på han! Det vart ein strid ¬som du kom til å minnast; den tok du ikkje ein gong til!

28. Det du vona, slo ikkje til, du låg der berre du såg han!

»