Logo
🔍

Jobs bok 41 N78NN

«

1. Ingen er vel så vågal at han torer ¬terga krokodillen. Kven kunne stå seg mot han?

2. – Kven gav meg noko fyrst, så eg laut gje han att? Alt under himmelen er mitt. –

3. Eg vil ikkje teia ¬om krokodillens lemer, kor sterke dei er, ¬og kor fint dei er bygde.

4. Kven kan få hol ¬på hans ytre ham eller trengja igjennom ¬hans doble panser?

5. Kven torer opna gapet på han? Hans tenner vekkjer redsle.

6. På ryggen har han rader ¬av skjold, godt attlatne som med segl.

7. Tett ligg det eine ¬innåt det andre, ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei.

8. Skjolda heng fast i hop, dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast.

9. Når han nys, blinkar eit ljos, augo hans strålar ¬som morgonroden.

10. Logande eld fer ut or hans gap, det sprutar gneistar frå det.

11. Or naseborene kjem det røyk som frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12. Pusten hans set kol i brann, ein loge står ut or hans gap.

13. Stor styrke har han i nakken, og redsla hoppar føre han.

14. Valkane under halsen hans ¬er faste, dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15. Hjarta hans er fast som stein, som den nedste steinen i kverna.

16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla, dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje, og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

18. Han aktar jern som var det strå og bronse som morkna tre.

19. Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt, stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.

20. Ei klubbe ¬reknar han òg for halm, han berre ler ¬åt susande kastespyd.

21. Under buken ¬har han kvasse taggar, som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma.

22. Han set djupet i kok ¬som ei gryte, lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve.

23. Bak han går det ein lysande stig, det ser ut ¬som om djupet har sølvhår.

24. Hans make finst ikkje ¬her på jord, skapt som han er utan reddhug.

25. Alt som er høgt, ¬ser han i auga, han er ein konge ¬over alle stolte dyr.

»