Logo
🔍

Jobs bok 5 N78NN

« Vanvørd ikkje tukt frå Den Allmektige!

1. Set i og ropa! ¬Finst det nokon som svarar? Kven av dei heilage ¬vender du deg til?

2. Mismod tek livet av dåren, harme drep den godtrune.

3. Eg såg ein dåre som slo rot, men brått laut eg forbanna ¬hans bustad.

4. Borna hans var hjelpelause, knuste i porten, ¬utan bergingsmann.

5. Dei svoltne åt opp det han avla, dei tok det jamvel ¬mellom klunger, og dei tyrste ¬greip etter godset hans.

6. Nei, ulukke veks ikkje ¬opp or molda, og møde gror ikkje ¬fram av jorda.

7. Men mennesket er født til møde liksom gneistar flyg høgt i veret.

8. Men eg, ¬eg ville venda meg til Gud og leggja mi sak i hans hand.

9. Han gjer storverk ¬som ingen kan granska, og under som ingen kan telja.

10. Han lèt det regna på jorda, sender vatn over åker og eng.

11. Han reiser opp folk ¬frå ringe kår, lyfter og bergar dei som syrgjer.

12. Han gjer planane åt dei kloke ¬til inkjes, så deira gjerning ikkje lukkast.

13. Han fangar dei vise ¬i deira klokskap, dei listige er for snare ¬til å leggja planar.

14. Om dagen støyter dei ¬på mørker, middagstider trivlar dei ¬som om natta.

15. Dei fattige bergar han ¬frå kvasse sverd, ut or hendene på dei sterke.

16. Då er det von for småkårsfolk, vondskap må lata att sin munn.

17. Ja, sæl er den ¬som får refsing av Gud, tukt frå Den Allmektige ¬skal du ikkje vanvørda.

18. For om han sårar, fetlar han òg; og slår han, ¬lækjer han med si hand.

19. Seks gonger bergar han deg ¬frå trengsle, den sjuande ¬skal ulukka ikkje nå deg.

20. I hungersnaud friar han deg ¬frå døden, i krig frå det kvasse sverdet.

21. Bitande tunger ¬skal ikkje nå deg, du treng ikkje reddast ¬når ulukka kjem.

22. Du kan le åt herjing og hunger og treng ikkje reddast ¬for villdyra i landet.

23. For du har pakt ¬med steinane på marka, og villdyra held fred med deg.

24. Du merkar ¬at teltet ditt står trygt, du ser over din bustad, ¬og ingenting vantar.

25. Du får sjå at ætta di aukar, at dine ætlingar vert talrike ¬som plantene på jorda.

26. I fullmogen alder ¬skal du gå i grav, som kornband vert samla ¬i rette tid.

27. Ja, dette har vi granska, ¬og så er det. Det skal du høyra ¬og merka deg!

»