Jobs bok 6 N11NN
1. Då tok Job til ords og sa:
2. Å, om mi uro kunne vegast og leggjast i vektskåla med mi sorg!
3. For no er dei tyngre enn havsens sand; difor talar eg utan å tenkja.
4. Piler frå Den veldige sit i kroppen, gifta deira tek mi kraft; redsler frå Gud samlar seg mot meg.
5. Skrik vel eit villesel som beiter i graset, rautar ein okse når han har fôr?
6. Kven et smaklaus mat utan salt? Smakar det noko av stokkrosesaft?
7. Det byd meg imot å røra ved slikt, det er som å eta utskjemd mat.
8. Om berre bøna mi vart høyrd, om Gud ville oppfylla mitt håp!
9. Om han berre ville knusa meg, lyfta handa si og gjera ende på meg!
10. Då får eg trass alt ei trøyst når eg vrid meg i nådelaus pine: Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.
11. For kva krefter har eg til å halda ut? Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?
12. Er eg sterk som stein, er kroppen min av bronse?
13. Nei, eg er fullstendig hjelpelaus, eg finn ingen utveg.
14. Den som ikkje viser godvilje mot nesten, har gjeve opp si frykt for Den veldige.
15. Og brørne mine svikta som ein bekk, eit bekkefar der vatnet blir borte.
16. Bekken var dekt av tjukk is, løynd under snøen.
17. I tørketida stilnar han, i varmen tørkar han inn.
18. Straumen mistar retninga; vatnet renn ut i sanden og blir borte.
19. Karavanar frå Tema speida etter vatn, dei reisande frå Saba sette sitt håp til det.
20. Dei stola på det, men vart til skamme. Då dei kom fram, vart dei vonbrotne.
21. No har de vorte ein slik bekk! De ser det grufulle og blir redde.
22. Har vel eg nokon gong sagt: «Gjev meg noko! Bruk rikdomen dykkar til å kjøpa meg fri!
23. Redd meg frå fienden, fri meg frå valdsmenns hand!»
24. Rettlei meg, så skal eg teia. Vis meg kvar eg har feila!
25. Kan rettvise ord såra? Men korleis er det de talar til rette?
26. Vil de visa meg til rette for min tale? Ord frå ein fortvila blir spreidde for vinden.
27. Ville de òg kasta lodd om foreldrelause og kjøpslå om ein ven?
28. Lyft no hovudet og sjå på meg! For eg lyg dykk ikkje rett opp i andletet.
29. Tenk dykk om! Gjer ikkje urett! Vend om; eg er enno rettferdig!
30. Finst det urett på mi tunge? Kjenner eg ikkje smaken av sorg?