Logo
🔍

Jobs bok 6 N78NN

« Krafta er borte, og venene sviktar

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Gjev mitt mismod kunne vegast og all mi ulukke ¬leggjast på vekt!

3. For no er ho tyngre ¬enn havsens sand, difor talar eg så tankelaust.

4. Piler frå Den Allmektige ¬sit i min kropp, mi ånd syg i seg deira gift. Guds redsler fylkar seg ¬mot meg.

5. Skrik vel eit villesel ¬i grøne graset, rautar ein okse ¬når han har fôr?

6. Kven et det som smakar flautt fordi det ikkje er salta? Er det smak på stokkrose-saft?

7. Det byd meg imot ¬å røra ved slikt, det er som å eta utskjemd mat.

8. Å, om mi bøn vart høyrd, om Gud ville oppfylla mi von!

9. Gjev han sette seg føre ¬å knusa meg, lyfte si hand ¬og skar av min livstråd!

10. Då hadde eg likevel trøyst og kunne hoppa av glede ¬i nådelaus pine. For eg har ikkje fornekta ¬orda åt Den Heilage.

11. Har eg kraft til å halda ut, har eg eit mål å sjå fram til, så eg kan venta med tolmod?

12. Er eg så sterk som stein, har eg ein kropp av bronse?

13. Nei, eg kan ikkje hjelpa ¬meg sjølv, og mi von om berging er ute.

14. Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste, har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige.

15. Mine brør har svikta ¬som ein bekk, som eit elvefar ¬der vatnet er borte.

16. Vatnet kan grumsast til av is, og snø kan blanda seg i det.

17. Men i turketida stilnar elva, når varmen kjem, kverv ho.

18. Karavanar tek ein annan veg, dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne.

19. Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn, ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det.

20. Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar; då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne.

21. Så er de for meg i dag; de ser det som skræmer, ¬og vert redde.

22. Har eg vel sagt: «Lat meg få! Gjev meg ei gåve av det de eig!

23. Berga meg frå fiendens grep, fria meg frå valdsmenns hand!»

24. Gjev meg rettleiing, ¬så skal eg teia, syn meg kvar eg har fare vilt!

25. Ærlege ord kan ikkje såra, men kva hjelper det vel ¬om de formanar?

26. Tenkjer de å refsa meg ¬for mine ord? Ein vonlaus mann ¬talar ut i veret.

27. Kastar de lodd ¬om foreldrelause born, eller kjøpslår de om ein ven?

28. Gjer no vel og sjå på meg! Trur de eg lyg dykk ¬midt opp i andletet?

29. Tenk dykk om ¬og gjer ingen urett! Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett.

30. Er det då urett på mi tunge, har eg ikkje sans ¬for det som er vondt?

»