Logo
🔍

Jobs bok 8 N78NN

« Gjev du ville venda deg til Gud!

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge vil du tala så og la orda rasa som eit uver?

3. Trur du Gud kan rengja retten, at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt?

4. Har borna dine synda mot han, så har han gjeve dei ¬deira brot i vald.

5. Gjev du ville venda deg til Gud og be Den Allmektige om nåde!

6. Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg, vil han vaka over deg, atter reisa din bustad ¬og gje deg rett.

7. Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde, mot det store du sidan skal få.

8. Berre spør dei framfarne ætter, gjev akt på det fedrane fann ut.

9. Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort, som ein skugge er våre dagar ¬på jorda.

10. Fedrane skal læra deg ¬og seia frå, tala til deg ut frå det dei veit.

11. Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt, trivst storren ¬der det ikkje finst vatn?

12. Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren, turkar han bort ¬før alt anna gras.

13. Så går det med alle ¬som gløymer Gud, vona kverv for den gudlause.

14. Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar, han set si lit til spindelvev.

15. Han stør seg til sitt eige hus, men det held ikkje; han klengjer seg til det, men det står ikkje støtt.

16. Han står som eit grønt tre i sola, greinene breier seg ut ¬over hagen.

17. Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys, hakar seg fast mellom steinane.

18. Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad, kjennest staden ikkje ved han: «Vi har ikkje sett deg.»

19. Sjå, såleis endar hans liv, og ein annan gror opp or molda.

20. Sjå, Gud vil aldri visa bort den som er heil i si ferd; men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa.

21. Han skal fylla din munn ¬med lått og leggja jubelrop ¬på dine lipper.

22. Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam, telta åt dei gudlause vert borte.

»