Logo
🔍

Jobs bok 9 N78NN

« Kan eit menneske ha rett mot Gud?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, eg veit at det er som de seier: Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud?

3. Vil det føra sak mot han, kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen.

4. Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke. Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det?

5. Han flytter fjell ¬før nokon veit av det, han velter dei i sin vreide.

6. Han rister jorda ut av lage, så søylene hennar skjelv.

7. Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina, og set segl for stjernene.

8. Åleine spente han himmelen ut og skrid fram ¬over havsens bylgjer.

9. Han skapte Løva og Orion, Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen.

10. Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska, og under som ingen kan telja.

11. Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje; når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.

12. Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd? Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»

13. Gud held ikkje att sin vreide, jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.

14. Korleis skulle eg kunna svara og velja mine ord ¬når eg talar med han?

15. Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett, men laut nok be min domar ¬om nåde.

16. Og gav han meg svar ¬når eg ropa, kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg.

17. Han ville knusa meg i stormen og utan grunn gje meg ¬mange sår.

18. Han lét meg ikkje dra pusten, men fylte meg med liding.

19. Er det tale om styrke, ¬så har han den, og om rett, kan han seia: ¬«Kven stemner meg?»

20. Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig, og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg.

21. Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet, eg bryr meg ikkje om å leva.

22. Det kan vera det same! ¬Difor seier eg: Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge.

23. Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død, så spottar han når ein skuldlaus misser motet.

24. Jorda er gjeven ¬i nidingars hand, Gud stengjer synet ¬for dei som styrer. Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då?

25. Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa, dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.

26. Dei fer sin veg som sevbåtar, som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.

27. Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg, eg vil skifta mine og vera glad,»

28. då gruar eg for alle mine plager, eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.

29. Må eg stå der skuldig, kvifor strevar eg då til fåfengs?

30. Om eg vaska meg i snøvatn og gjorde hendene reine i lut,

31. straks ville du dukka meg ¬i ei grøft, så kleda mine stygdest ved meg.

32. Han er då ikkje ein mann ¬som eg, så eg kan gje han svar og gå for retten saman med han.

33. Det er ingen skilsdomar som kan leggja handa ¬på oss begge og avgjera saka mellom oss.

34. Å, om Gud tok bort riset, så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!

35. Då skulle eg tala utan å reddast; for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.

»