Logo
🔍

Profeten Joel 1 N78NN

Grashoppene

1. Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.

2. Høyr dette, de eldste, lyd etter, alle som bur i landet: Har slikt hendt før i dykkar tid, eller då dykkar fedrar levde?

3. Fortel om det til borna dykkar, og dei skal fortelja det ¬til sine born, som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem.

4. Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp, det grashoppa leivde, ¬åt larva opp, det larva leivde, ¬åt gnagaren opp.

5. Vakna, de drukne, og gråt! Klag, alle de som drikk vin, over druesaft ¬de ikkje fekk smaka!

6. For eit folk har drege opp ¬mot mitt land, sterkt og utan tal. Tenner har dei som ei løve, og kjeve som ei løvinne.

7. Dei la mine vintre aude og braut ned fikentrea, flekte borken, reiv lauvet av, så greinene vart kvite.

8. Klag som ei syrgjekledd møy klagar over ¬sin ungdoms brudgom!

9. Grødeoffer og drikkoffer kjem bort frå Herrens hus. Prestane, Herrens tenarar, ¬syrgjer.

10. Markene er herja, jorda sturer. For kornet er øydelagt, ¬vinen innturka, og oljen er borte.

11. Bøndene er vonbrotne, og vindyrkarane klagar over kveiten og bygget; for det finst ikkje grøde ¬på marka.

12. Vintreet turka, ¬fikentreet visna. Granatepletre, palme og apal, kvart tre på marka ¬har turka bort; all glede er kvorven ¬mellom menneska.

13. Kled dykk i syrgjebunad og hald klage, de prestar, skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret! Gå inn og vak i syrgjeklede, de som tener min Gud. For grødeoffer og drikkoffer kjem ikkje til dykkar Guds hus.

14. Lys ut ei faste, og kunngjer høgtidssamling! Kall saman dei eldste, ja, alle som bur i landet, til Herren dykkar Guds hus, og rop så til Herren:

15. Ve oss, for ein dag! Ja, nær er Herrens dag! Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige.

16. Vart ikkje maten borte ¬for augo våre, glede og jubel ¬frå vår Guds hus?

17. Såkornet ligg innturka i jorda. Bingane er øydelagde, ¬låvane rivne, for kornet er borte.

18. Kor buskapen rautar! Bølingen flakkar ikring, for dei har ikkje beite. Jamvel saueflokkane må lida.

19. Herre, eg ropar til deg. For heten har gjort ende på beita i øydemarka. Solbrann har svidt av ¬kvart tre på marka.

20. Jamvel villdyra styn ¬opp mot deg, for bekkefara er turre, og heten har gjort ende på beita i øydemarka.

»