Logo
🔍

Profeten Joel 2 N11NN

« Herrens dag

1. Blås i horn på Sion og lyft hærrop på mitt heilage fjell så alle i landet skjelv! For Herrens dag kjem, han er nær,

2. ein dag med mørker og dimme, ein dag med skyer og skodde. Eit stort og mektig folk breier seg ut som morgonròden over fjellet. Det har aldri hatt sin like i tider som var, og vil aldri få det i år som kjem, så lenge slekt følgjer slekt.

3. Elden et opp framfor dei, og etter dei sleikjer flammen, landet framfor dei er som Edens hage, etter dei er ein aud ørken, ingen slepp unna.

4. Som hestar er dei å sjå til, som hingstar spring dei fram,

5. som krigsvogner over fjella skramlar dei fram, lik eld som sprakar i halmen, lik eit sterkt folk rusta til krig.

6. Folkeslag skjelv for dei, kvart andlet blir raudt.

7. Som krigarar rusar dei fram, som stridsmenn stormar dei murar. Kvar mann går strake vegen fram og bøyer ikkje av frå stigen.

8. Dei pressar ikkje kvarandre bort, kvar mann held sin plass, mellom kastespyd rusar dei fram og lèt seg ikkje stansa.

9. Dei fer inn i byen, dei stormar opp på muren, dei trengjer inn i husa, gjennom vindauga går dei som tjuvar.

10. Jorda skjelv framfor dei, og himmelen rister. Sol og måne svartnar, og stjernene mistar sin glans.

Vend om, for Gud er nådig

11. Herren hevar røysta framfor sin hær, for veldig er hæren hans, og mektige er dei som lyder hans ord. Ja, stor og skremmande er Herrens dag, kven kan halda han ut?

12. Men sjølv no, seier Herren, vend om til meg av heile dykkar hjarte, med faste og gråt og klage.

13. Riv hjartet sund, ikkje kleda! Vend om til Herren dykkar Gud! For han er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn, og han kan angra på ulukka.

14. Kven veit om han vender om og angrar og legg velsigning etter seg – grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.

15. Blås i horn på Sion, rop ut ei heilag faste, kunngjer høgtidssamling!

16. Kall folket saman, helga forsamlinga! Lat dei gamle samlast, og lat småborn og spedborn koma saman. Lat brudgomen gå ut frå sitt rom og brura ut frå sitt kammer!

17. Mellom forhall og altar skal prestane, Herrens tenarar, gråta og seia: «Herre, spar ditt folk, gjer ikkje din eigedom til spott så folkeslag får rå over dei! Kvifor skal dei seia mellom folka: Kvar er deira Gud?»

18. Då vart Herren fylt av lidenskap for sitt land og viste medkjensle med folket sitt.

19. Og Herren svara sitt folk: Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin olje så de kan bli mette. Aldri meir skal eg gjera dykk til spott mellom folka.

20. Fienden frå nord vil eg driva langt bort frå dykk og jaga til eit tørt og audt land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Stanken av han skal stiga opp, den vonde lukta hans skal stiga opp. Ja, storverk har han gjort.

21. Ver ikkje redd, du åkerjord, fryd deg og ver glad! For Herren har gjort storverk.

22. Ver ikkje redde, de dyr på marka, for beita i øydemarka grønkast og trea gjev si frukt, fikentre og vinstokk ber rikt.

23. Fryd dykk, Sions born, gled dykk i Herren dykkar Gud! For han gjev dykk regn i rett tid, han lèt regnet falla som før, både haust og vår.

24. Kvar treskjeplass fyllest med korn, pressekummane renn over av ny vin og fin olje.

25. Eg gjev dykk att for åra då den svermande, den hoppande, den gnagande og den tyggjande grashoppa åt, min store hær som eg sende mot dykk.

26. De skal eta og bli mette og prisa namnet til Herren dykkar Gud, som har stelt så underfullt med dykk. Folket mitt skal aldri bli til skamme.

27. De skal kjenna at eg er midt i Israel. Eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan. Folket mitt skal aldri bli til skamme.

»