Logo
🔍

Profeten Joel 3 N11NN

« Lovnaden om Anden

1. Ein gong skal det henda at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei gamle skal drøyma draumar, og dei unge skal sjå syn.

2. Sjølv over slavar og slavekvinner vil eg ausa ut min Ande i dei dagane.

3. Eg set varsel på himmel og jord, blod og eld og røyksøyler.

4. Sola blir omskapt til mørker og månen til blod før Herrens dag kjem, den store og skremmande.

Herrens dom over folka

5. Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga. For på Sion-fjellet og i Jerusalem skal det finnast berging, som Herren har sagt. Og mellom dei overlevande er dei som Herren kallar.

6. For sjå, i dei dagane og på den tida, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7. då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt

8. og kasta lodd om folket mitt, dei gav ein gut for ei hore og selde ei jente for vin, og den drakk dei opp.

9. Så, kva vil de meg, Tyros og Sidon og alle filistarbygder? Vil de ta igjen for noko eg har gjort? Gjer de meg noko vondt, skal eg straks la det koma over dykkar eige hovud,

10. for de tok sølvet og gullet mitt og førte bort mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel,

11. de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt.

12. Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud.

13. Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For Herren har tala.

14. Rop dette ut mellom folka, lys heilag krig, vekk krigarane! Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15. Smi plogskjera om til sverd og vingardsknivane til spyd! Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»

16. Skund dykk og kom! Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar, Herre, før dine krigarar ned!

17. Folkeslaga skal bryta opp og fara til Josjafat-dalen, for der vil eg sitja til doms over folk frå alle kantar.

18. Send sigden ut, for hausten er mogen, kom og trakk, for vinpressa er full, pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.

19. Larm og atter larm i Dommens dal, for Herrens dag er nær i Dommens dal.

Herren bur på Sion

20. Sol og måne svartnar, og stjernene mistar sin glans.

21. Herren skal brøla frå Sion, la røysta ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern for sitt folk, ei borg for Israels born.

22. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud som bur på Sion, mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ein heilag stad, der skal framande aldri meir koma inn.

23. Den dagen skal det skje at fjella dryp av druesaft og haugane fløymer med mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde skal vella fram frå Herrens hus og vatna Akasiedalen.

24. Egypt skal bli til ei øydemark og Edom til ein aud ørken på grunn av valdsverket mot judearane, fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.

25. Men i Juda skal det alltid bu folk, og i Jerusalem slekt etter slekt.

26. Eg vil hemna deira blod og ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion.