Logo
🔍

Profeten Joel 3 N78NN

« Når Anden vert utrend

1. Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord; dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner.

2. Jamvel over trælar ¬og trælkvinner vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagane.

3. Eg lèt teikn syna seg ¬på himmel og jord: blod og eld og røyksøyler.

4. Sola vert omskapt, ho svartnar, og månen vert som blod, før Herrens dag kjem, den store og skræmande.

Herrens dom over folka

5. Men kvar den ¬som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. For på Sion-fjellet ¬og i Jerusalem skal det finnast ein flokk ¬som har sloppe unna, så som Herren har sagt. Og mellom dei ¬som har berga seg, er dei som Herren kallar.

6. For sjå, i dei dagar ¬og på den tid, når eg vender lagnaden ¬for Juda og Jerusalem,

7. då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang ¬med dei om Israel, mitt folk ¬og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt

8. og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin ¬– og drakk.

9. Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve,

10. for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel.

11. De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.

12. No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort.

13. Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.

14. Rop dette ut mellom folka: Bu dykk til heilag krig, ¬vekk krigarane! Lat alle stridsmenn møta fram ¬og dra ut!

15. Smid plogjerna om til sverd og vingardsknivane til spyd! Den veike skal seia: ¬«Eg er ei kjempe.»

16. Skunda dykk og kom! Kom saman, alle de folkeslag ¬rundt ikring! Herre, før dine krigarar dit!

17. Folkeslaga skal ta ut og fara til Josjafat-dalen. For der vil eg sitja til doms over folk frå alle kantar.

18. Sving sigden, ¬for grøda er mogen! Kom og trakk, ¬for vinpressa er full, pressekummane fløymer over! For vondskapen åt folka er stor.

19. Det er eit mylder ¬og ståk i avgjerdsdalen, Herrens dag er nær ¬i avgjerdsdalen.

Judas herlege framtid

20. Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans.

21. Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern ¬for sitt folk, ei borg for Israels søner.

22. Då skal de sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, ¬mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ¬ein heilag stad, der skal framande ¬aldri meir koma inn.

23. Den dagen skal det henda at fjella dryp av druesaft, og haugane fløymer av mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde vell fram ¬frå Herrens hus og vatnar Akasiedalen.

24. Egypt skal verta ei audn og Edom ei øydemark for sitt valdsverk ¬mot judearane. For det var i deira land dei spilte skuldlaust blod.

25. Men i Juda ¬skal det alltid bu folk, og i Jerusalem ¬skal ætt fylgja ætt.

26. Eg vil hemna dei drepne og ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion.