Logo
🔍

Profeten Jona 2 N78NN

« Herren bergar Jona frå djupet

1. Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.

2. Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken

3. og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg. Eg ropa frå djupaste dødsriket, og du høyrde mi røyst.

4. Du kasta meg i djupet ¬midt på havet, og straumen kringsette meg. Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg.

5. Då tenkte eg: Eg er støytt bort frå deg. Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel?

6. Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen, havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar. Tang sveipte seg ¬om mitt hovud.

7. Radt til fjellbotnane fór eg ned. Heimsens bommar stengdest etter meg for alltid. Men du, Herre min Gud, førte meg levande opp ¬or grava.

8. Då mi sjel var kraftlaus, kom eg Herren i hug, og mi bøn nådde til deg, til ditt heilage tempel.

9. Dei som dyrkar falske ¬og gagnlause gudar, har gjeve opp sin truskap ¬mot deg.

10. Men eg vil ofra til deg ¬med takkesong. Det eg har lova, vil eg halda. Frelsa kjem frå Herren.

11. Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på land.

»