Josvas bok 11 N78NN
1. Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongane i Sjimron og Aksjaf
2. og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet.
3. Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet.
4. Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd.
5. Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel.
6. Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.»
7. Josva og heile hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og tok på dei.
8. Og Herren gav dei i Israels hender. Israelittane vann over dei og sette etter dei radt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei hogg dei ned, så ingen vart att eller slapp unna.
Josva tek landet i nord9. Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira.
10. Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika.
11. Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.
12. Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.
13. Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende.
14. Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv.
Israelittane legg under seg heile landet15. Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.
16. Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,
17. frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel.
18. I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.
19. Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt.
20. For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses.
21. På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.
22. Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva.
23. Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del. Og landet fekk ro etter ufreden.