Logo
🔍

Josvas bok 12 N11NN

« Kongane som israelittane vann over

1. Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta:

2. amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon og rådde over området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, området frå midt i dalen og over halve Gilead til Jabbok, elva som er grense mot ammonittane,

3. og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane.

4. Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i

5. og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6. Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.

7. Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,

8. i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane. Kongane var:

9. kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin,

10. kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin,

11. kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin,

12. kongen i Eglon, éin, kongen i Geser, éin,

13. kongen i Debir, éin, kongen i Geder, éin,

14. kongen i Horma, éin, kongen i Arad, éin,

15. kongen i Libna, éin, kongen i Adullam, éin,

16. kongen i Makkeda, éin, kongen i Betel, éin,

17. kongen i Tappuah, éin, kongen i Hefer, éin,

18. kongen i Afek, éin, kongen i Saron, éin,

19. kongen i Madon, éin, kongen i Hasor, éin,

20. kongen i Sjimron-Meron, éin, kongen i Aksjaf, éin,

21. kongen i Taanak, éin, kongen i Megiddo, éin,

22. kongen i Kedesj, éin, kongen i Jokneam ved Karmel, éin,

23. kongen i Dor på Dor-høgda, éin, kongen over folka i Galilea, éin,

24. kongen i Tirsa, éin, i alt trettiein kongar.

»