Logo
🔍

Josvas bok 15 N11NN

« Juda-landet

1. Ved loddkastinga fekk stammen til Juda, slekt for slekt, området fram til grensa til Edom ved Sin-øydemarka lengst i sør.

2. Grensa i sør går ut frå enden av Saltsjøen, frå den vika som ligg lengst i sør,

3. og held fram sør for Akrabbim-skardet over til Sin, og vidare oppover sør for Kadesj-Barnea, forbi Hesron opp til Addar. Der svingar ho bortover mot Karka,

4. går forbi Asmon, når til Egyptarbekken og går ut til havet. Dette skal vera grensa mot sør.

5. Grensa mot aust er Saltsjøen opp til munningen av Jordan. Grensa mot nord går ut frå den vika av Saltsjøen som Jordan renn ut i,

6. og går til Bet-Hogla og nord for Bet-Haaraba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben.

7. Frå Akor-dalen går grensa vidare opp til Debir, svingar nordover til Gilgal, som ligg rett imot Adummim-stigninga sør for elvefaret, og går så til Sjemesj-kjelda og vidare ut til Rogel-kjelda.

8. Derifrå går grensa opp gjennom Ben-Hinnom-dalen langs sørsida av Jebusitt-høgda, som er Jerusalem, opp til toppen av fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa'im-dalen.

9. Frå fjelltoppen svingar grensa mot Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Baala, som er Kirjat-Jearim.

10. Frå Baala vender grensa vestover til Se'ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, som er Kesalon, ned til Bet-Sjemesj og vidare til Timna.

11. Så går grensa nordover til Ekron-høgda, svingar mot Sjikkeron, går forbi Baala-fjellet til Jabneel og endar ute ved havet.

Kaleb tek Hebron og Debir

12. Grensa mot vest er Storhavet. Dette er grensene rundt området til etterkomarane av Juda, slekt for slekt.

13. Josva gav Kaleb, son til Jefunne, ein del av landet som låg midt iblant etterkomarane av Juda, slik Herren hadde sagt Josva. Det var Kirjat-Arba, som var oppkalla etter stamfaren til anakittane, og som no heiter Hebron.

14. Kaleb tok landet til dei tre anakittane som kom derifrå: Sjesjai, Ahiman og Talmai, etterkomarane av Anak.

15. Derifrå drog han ut mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

16. Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

17. Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone.

18. Då ho kom, overtala ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?»

Byane i Juda

19. Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

20. Dette er den eigedomen stammen til Juda fekk, slekt for slekt:

21. byane ytst i området til Juda-stammen ved grensa mot Edom i sør; Kabseel, Eder, Jagur,

22. Kina, Dimona, Adada,

23. Kadesj, Hasor, Jitnan,

24. Sif, Telem, Bealot,

25. Hasor-Hadatta, Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor,

26. Amam, Sjema, Molada,

27. Hasar-Gadda, Hesjmon, Bet-Pelet,

28. Hasar-Sjual, Beer-Sjeba og byane deira,

29. Baala, Ijjim, Esem,

30. Eltolad, Kesil, Horma,

31. Siklag, Madmanna, Sansanna,

32. Lebaot, Sjilhim, Ajin og Rimmon, i alt tjueni byar med landsbyar.

33. I låglandet: Esjtaol, Sora, Asjna,

34. Sanoah, En-Gannim, Tappuah, Ha'enam,

35. Jarmut, Adullam, Soko og Aseka,

36. Sjaarajim, Aditajim, Haggedera og Gederotajim, fjorten byar med landsbyar.

37. Senan, Hadasja og Migdal-Gad,

38. Dilan, Mispe og Jokteel,

39. Lakisj, Boskat og Eglon,

40. Kabbon, Lahmas og Kitlisj,

41. Gederot, Bet-Dagon, Naama og Makkeda, seksten byar med landsbyar.

42. Libna, Eter og Asjan,

43. Jiftah, Asjna og Nesib,

44. Ke'ila, Aksib og Maresja, ni byar med landsbyar.

45. Ekron med byar og landsbyar,

46. alle byane og landsbyane frå Ekron og vestover mot Asjdod,

47. og så Asjdod og Gaza med byar og landsbyar, heilt til Egyptarbekken og Storhavet, som er grensa der.

48. I fjellandet: Sjamir, Jattir og Soko,

49. Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir,

50. Anab, Esjtemo, Anim,

51. Gosen, Holon og Gilo, elleve byar med landsbyar.

52. Arab, Duma og Esjan,

53. Janim, Bet-Tappuah og Afeka,

54. Humta, Kirjat-Arba, det er Hebron, og Sior; ni byar med landsbyar.

55. Maon, Karmel, Sif, Jutta,

56. Jisreel, Jokdeam og Sanoah,

57. Kajin, Gibea og Timna, ti byar med landsbyar.

58. Halhul, Bet-Sur og Gedor,

59. Maarat, Bet-Anot og Eltekon, seks byar med landsbyar.

60. Kirjat-Baal, som er Kirjat-Jearim, og Rabba, to byar med landsbyar.

61. I ørkenen: Bet-Haaraba, Middin og Sekaka,

62. Hannibsjan, Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med landsbyar.

63. Men Juda-stammen makta ikkje å ta landet til jebusittane, som budde i Jerusalem. Det bur jebusittar blant etterkomarane av Juda i Jerusalem den dag i dag.

»