Josvas bok 15 N78NN
1. Ved loddkastinga fekk Juda-sønene, ætt for ætt, den delen av landet som grensar til Edom, heilt til Sin-øydemarka lengst i sør.
2. Grensa i sør går ut frå enden av Saltsjøen, frå den vika som ligg lengst i sør.
3. Derifrå går ho sør for Akrabbim-skaret over til Sin, og så oppover sør for Kadesj-Barnea, framom Hesron og opp til Addar. Der svingar ho bort til Karka,
4. går så framom Asmon, når til Egyptarbekken og endar utmed havet. Dette skal vera grensa deira i sør.
5. I aust fylgjer grensa Saltsjøen opp til Jordan-osen. På nordsida går grensa frå den vika av Saltsjøen som Jordan renn ut i.
6. Derifrå går ho til Bet-Hogla og nord for Bet-Ha’araba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben.
7. Så held ho fram gjennom Akor-dalen opp til Debir; der svingar ho nordover til Gilgal, som ligg beint imot Adummim-skaret, sør for dalen, og går så til En-Sjemesj-bekken og fram til Rogel-kjelda.
8. Derifrå går grensa opp gjennom Hinnom-dalen, på sørsida av Jebusitt-åsen, det er Jerusalem, og opp til toppen av det fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa’im-dalen.
9. Frå den fjelltoppen svingar ho bort til Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Ba’ala, det er Kirjat-Jearim.
10. Frå Ba’ala svingar ho vestover til Se’ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, der Kesalon ligg, ned til Bet-Sjemesj og fram til Timna.
11. Så går ho nordover til Ekron-åsen; der svingar ho bort mot Sjikkeron, går framom Ba’ala-fjellet til Jabne’el og endar utmed havet.
Kaleb tek Hebron og Debir12. I vest er Storhavet grensa. Dette var grensene kring det landet Juda-sønene fekk, ætt for ætt.
13. Kaleb Jefunneson fekk sin del av landet midt imellom Juda-sønene, som Herren hadde sagt til Josva. Det var den byen som hadde namn etter Arba, ættefar til anakittane, og som no heiter Hebron.
14. Kaleb dreiv ut dei tre anakittane som budde der, Sjesjai, Akiman og Talmai, etterkomarane etter Anak.
15. Sidan drog han opp mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.
16. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»
17. Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone.
18. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?»
Byane i Juda19. Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.
20. Dette er dei eigedomane som Juda-ætta fekk.
21. Lengst sør i landet, i Negev, bort imot grensa til Edom, var det desse byane: Kabse’el, Eder, Jagur,
22. Kina, Dimona, Adada,
23. Kadesj, Hasor, Jitnan,
24. Sif, Telem, Bealot,
25. Hasor-Hadatta, Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor,
26. Amam, Sjema, Molada,
27. Hasar-Gadda, Hesjmon, Bet-Pelet,
28. Hasar-Sjual, Be’er-Sjeba, Bisjotja,
29. Ba’ala, Ijjim, Esem,
30. Eltolad, Kesil, Horma,
31. Siklag, Madmanna, Sansanna,
32. Lebaot, Sjilkim, Ajin og Rimmon, i alt tjueni byar med landsbyar.
33. I Sjefela var det: Esjta’ol, Sora, Asjna,
34. Sanoah, En-Gannim, Tappuah, Ha’enam,
35. Jarmut, Adullam, Soko, Aseka,
36. Sja’arajim, Aditajim, Gedera og Gederotajim, fjorten byar med landsbyar.
37. Så var det Senan, Hadasja, Migdal-Gad,
38. Dilan, Mispe, Jokte’el,
39. Lakisj, Boskat, Eglon,
40. Kabbon, Lakmas, Kitlisj,
41. Gederot, Bet-Dagon, Na’ama og Makkeda, seksten byar med landsbyar.
42. Så Libna, Eter, Asjan,
43. Jiftah, Asjna, Nesib,
44. Ke’ila, Aksib og Maresja, ni byar med landsbyar.
45. Dessutan Ekron med byar og landsbyar,
46. alle byane og landsbyane frå Ekron og vestover mot Asjdod
47. og så Asjdod og Gasa med byar og landsbyar heilt til Egyptarbekken og Storhavet. Det var grensa der.
48. I fjell-landet var det: Sjamir, Jattir, Soko,
49. Danna, Kirjat-Sanna, som no heiter Debir,
50. Anab, Esjtemo, Anim,
51. Gosen, Holon og Gilo, elleve byar med landsbyar.
52. Så var det Arab, Duma, Esjan,
53. Janim, Bet-Tappuah, Afeka,
54. Humta, Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med landsbyar.
55. Så Maon, Karmel, Sif, Jutta,
56. Jisre’el, Jokdeam, Sanoah,
57. Kajin, Gibea og Timna, ti byar med landsbyar.
58. Så Halhul, Bet-Sur, Gedor,
59. Ma’arat, Bet-Anot og Eltekon, seks byar med landsbyar.
60. Så Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, to byar med landsbyar.
61. I øydemarka var det: Bet-Ha’araba, Middin, Sekaka,
62. Hannibsjan, Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med landsbyar.
63. Men jebusittane, som budde i Jerusalem, vann ikkje Juda-sønene driva ut. Dei vart buande i Jerusalem saman med Juda-sønene, og der bur dei den dag i dag.