Logo
🔍

Josvas bok 19 N11NN

« Simons land

1. Det andre loddet fall på Simon, på Simon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, låg inne på området til Juda-stammen.

2. Desse byane vart deira: Beer-Sjeba, Sjema og Molada,

3. Hasar-Sjual, Bala og Esem,

4. Eltolad, Betul og Horma,

5. Siklag, Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa,

6. Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,

7. dessutan Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,

8. og alle landsbyane omkring desse byane, heilt til Baalat-Beer, Rama i Negev. Dette var det landet Simon-stammen fekk, slekt for slekt.

Sebulons land

9. Landet deira var ein del av Juda. Den delen som fall på etterkomarane av Juda, var for stor for dei. Difor fekk etterkomarane av Simon sin arv inne i deira område.

10. Det tredje loddet fall på Sebulon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, nådde heilt til Sarid.

11. Grensa gjekk vestover opp til Marala, vidare like forbi Dabbesjet og nådde fram til elvefaret ved Jokneam.

12. Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, mot området til Kislot-Tabor, og gjekk til Daberat og opp til Jafia.

13. Derifrå tok ho austover til Gittat-Hefer og Itta-Kasin, vidare til Rimmon og gjekk så bort til Hannea.

14. Så svinga grensa nordover til Hannaton og nådde fram til Jiftah-El-dalen,

15. vidare Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.

Jissakars land

16. Dette var eigedomen til Sebulons etterkomarar, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

17. Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakar-stammen, slekt for slekt.

18. Området deira omfatta Jisreel, Hakkesulot, Sjunem,

19. Hafarajim, Sjion og Anaharat,

20. Harabbit, Kisjon og Ebes,

21. Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes.

22. Grensa gjekk fram til Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda ved Jordan, seksten byar med landsbyar.

Asjers land

23. Dette var den eigedomen Jissakar-stammen fekk, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

24. Det femte loddet fall på Asjer-stammen, slekt for slekt.

25. Området deira omfatta Helkat, Hali, Beten, Aksjaf,

26. Alammelek, Amad og Misjal. Grensa i vest gjekk fram til Karmel og Sjihor-Libnat.

27. Der svinga ho austover til Bet-Dagon, fram til Sebulon og Jiftah-El-dalen mot nord, til Bet-Ha'emek og Ne'iel og vidare nordover til Kabul,

28. Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt til det store Sidon.

29. Ved Rama svinga grensa og gjekk vidare til festningsbyen Tyros, svinga ved Hosa og nådde fram til havet; i tillegg Mehalleb, Aksib,

30. Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.

Naftalis land

31. Dette var eigedomen til Asjer-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

32. Det sjette loddet fall på Naftali, på Naftali-stammen, slekt for slekt.

33. Området deira strekte seg frå Helef, frå Elon ved Saanannim, forbi Adami-Hannekeb og Jabneel til Lakkum og heilt fram til Jordan.

34. Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og gjekk derifrå til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer og i aust til Jordan.

35. Festningsbyane var Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,

36. Adama, Rama og Hasor,

37. Kedesj, Edre'i og En-Hasor,

38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

Dans land

39. Dette var landet Naftali-stammen fekk i eige, med byar og landsbyar.

40. Det sjuande loddet fall på Dan, på Dan-stammen, slekt for slekt.

41. I landet deira låg Sora, Esjtaol, Ir-Sjemesj,

42. Sjaalabbin, Ajjalon og Jitla,

43. Elon, Timna og Ekron,

44. Elteke, Gibbeton og Baalat,

45. Jehud, Bene-Berak og Gat-Rimmon,

46. Me-Hajjarkon, Harakkon og området bort imot Jaffa.

47. Men området til Dans etterkomarar vart teke frå dei. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei hogg ned innbyggjarane med sverd, la byen under seg og busette seg der. Og dei kalla Lesjem for Dan, etter Dan, stamfar sin.

Josvas land

48. Dette var eigedomen til Dan-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

49. Då israelittane hadde fordelt arven, område for område, gav dei Josva, son til Nun, ein eigedom midt iblant seg.

50. Som Herren hadde sagt, gav dei han den byen han bad om: Timnat-Serah i fjellområdet som høyrde Efraim til. Han bygde byen opp att og busette seg der.

51. Dette var eigedomane som presten Elasar, Josva, son til Nun, og leiarane for familiane fordelte ved loddkasting til stammane i Israel i Sjilo, for Herrens andlet, ved inngangen til teltheilagdomen. Så avslutta dei fordelinga av landet.

»