Josvas bok 22 N11NN
1. Då kalla Josva til seg rubenittane, gadittane og halvparten av stammen til Manasse
2. og sa til dei: «De har gjort alt det som Moses, Herrens tenar, baud dykk, og de har lydd meg i eitt og alt.
3. Gjennom heile denne lange tida har de ikkje svikta brørne dykkar, men har til denne dag halde dykk til dei boda som Herren dykkar Gud gav dykk.
4. No har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få kvile, slik han lova dei. Dra difor heim til landet de eig, som Moses, Herrens tenar, gav dykk på den andre sida av Jordan.
5. Men følg nøye og trufast bodet og lova som Moses, Herrens tenar, baud dykk: at de skal elska Herren dykkar Gud og alltid gå på hans vegar, så de held boda hans, held dykk til han og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel.»
6. Så velsigna Josva dei og sende dei av garde, og dei drog heim til telta sine.
7. Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land på vestsida av Jordan, saman med brørne sine. Då Josva sende dei heim til telta, velsigna han dei
8. og sa til dei: «No fer de heim att med store rikdomar, med mykje fe, med sølv og gull, kopar og jern og ei mengd med klede. Del no med landsmennene dykkar det hærfanget de har teke frå fienden.»
Altaret ved Jordan9. Rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen vende så heim. Dei lét israelittane vera att i Sjilo i Kanaan og drog til sitt eige land, til Gilead, som høyrde dei til ved det ordet Herren hadde tala gjennom Moses.
10. Då rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen kom til Geliot ved Jordan, i Kanaan, bygde dei eit altar der ved Jordan, eit stort altar.
11. Men israelittane fekk høyra at rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen hadde bygd altaret i Gelilot ved Jordan, rett imot Kanaan, som var området til israelittane.
12. Med ein gong israelittane høyrde dette, kom heile Israels forsamling saman i Sjilo for å gå til krig mot dei.
13. Men først sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen, i Gilead.
14. Saman med han sende dei ti leiarar, ein leiar for kvar stamme i Israel. Kvar av dei var den øvste leiaren for sin familie blant Israels mange tusen.
15. Dei kom til rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen i Gilead og tala til dei. Dei sa:
16. Så seier heile Herrens forsamling: Kva er dette for truløyse mot Israels Gud? De vender dykk i dag bort frå Herren ved å byggja eit altar; de set dykk opp mot Herren.
17. Var det ikkje nok med den synda vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens forsamling.
18. Og no vil de likevel venda dykk bort frå Herren! Dersom de set dykk opp mot Herren i dag, vil han i morgon visa sin harme mot heile Israels forsamling.
19. Dersom landet de har teke til eigedom, er ureint, så kom over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og ta dykk bustad iblant oss! Men gjer ikkje opprør mot Herren og mot oss ved å byggja dykk eit eige altar i tillegg til altaret for Herren vår Gud.
20. Vart ikkje heile Israels forsamling ramma av Herrens harme den gongen Akan, son til Serah, fór med svik og tok av det som var bannlyst? Og han var ikkje den einaste som måtte døy for den ugjerninga han hadde gjort.
21. Då tok rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen til orde og sa til hovdingane for Israels tusen:
22. Gud over gudane, Herren, Gud over gudane, Herren, han veit det, og Israel skal vita det: Måtte Herren la vera å hjelpa oss i dag om vi i opprør og truløyse mot han
23. hadde bygd oss eit altar for slik å venda oss bort frå Herren! Måtte Herren sjølv straffa oss om det var for å ofra brennoffer eller grødeoffer eller for å bera fram fredsoffer på det. Var det slik, då må Herren straffa oss for det!
24. Nei, vi har gjort det fordi vi kjende uro for at sønene dykkar i framtida ville seia til sønene våre: Kva har de med Herren, Israels Gud, å gjera?
25. Har ikkje Herren sett Jordan til grense mellom oss og dykk rubenittar og gadittar. De har ingen del i Herren. Slik kunne borna dykkar få våre born til å halda opp med å frykta Herren.
26. Difor sa vi: Lat oss gå i gang og byggja eit altar, ikkje til brennoffer og ikkje til slaktoffer,
27. men som eit vitne mellom oss og dykk og dei slektene som kjem etter oss, om at vi vil gjera teneste for Herren med brennoffera, slaktoffera og fredsoffera våre. Så skal ikkje sønene dykkar i morgon seia til våre søner at dei ikkje har del i Herren.
28. Dersom de i morgon skulle seia noko slikt til oss eller etterkomarane våre, då vil vi i sanning kunna svara: Sjå på den etterlikninga av Herrens altar som forfedrane våre har laga, ikkje til brennoffer og slaktoffer, men som eit vitne mellom oss og dykk.
29. Gud forby at vi skulle gjera opprør mot Herren og venda oss bort frå han i dag ved å byggja eit altar til brennoffer, grødeoffer og slaktoffer i tillegg til det altaret for Herren vår Gud som står framfor bustaden hans.
30. Då presten Pinhas og leiarane i forsamlinga og hovdingane for Israels tusen som var med han, høyrde kva etterkomarane av Ruben, Gad og Manasse sa, syntest dei godt om det.
31. Og Pinhas, son til presten Elasar, sa til dei: «No skjønar vi at Herren er midt iblant oss, sidan de ikkje har sett dykk opp mot han med dette. Dermed har de berga israelittane frå Herrens hand.»
32. Så skildest presten Pinhas, son til Elasar, og dei andre leiarane frå rubenittane og gadittane og drog heim frå Gilead til Kanaan og fortalde israelittane kva dei hadde høyrt.
33. Israelittane syntest godt om svaret. Dei lova Gud og tenkte ikkje meir på å gå til strid mot rubenittane og gadittane for å øydeleggja landet dei budde i.
34. Rubenittane og gadittane kalla altaret «Vitne», for dei sa: «Det skal vera eit vitne for oss om at Herren er Gud.»