Logo
🔍

Dommerne bok 1 N78NN

Landnåmet

1. Då Josva var borte, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal fyrst fara ut og strida mot kanaanearane?»

2. Herren svara: «Juda skal fara fyrst. Eg gjev landet i hans hender.»

3. Då sa Juda til Simeon, bror sin: «Ver med meg til den landsdelen eg skal ha, og lat oss strida saman mot kanaanearane! Så skal eg vera med deg til den landsdelen du skal ha.» Og Simeon gjekk med han.

4. Så tok Juda ut, og Herren gav kanaanearane og perisittane i hendene deira; dei slo dei ved Besek og felte ti tusen mann.

5. Der møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kanaanearane og perisittane.

6. Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.

7. Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.

8. Juda-sønene gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei øydde han med odd og egg og sette eld på husa.

9. Sidan fór Juda-sønene ned og stridde mot kanaanearane som budde i fjellbygdene, i Negev og i Sjefela.

10. Fyrst gjekk dei mot kanaanearane i Hebron, som før i tida heitte Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Akiman og Talmai.

11. Så gjekk dei mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

12. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

13. Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone.

14. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?»

15. Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav Kaleb henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

16. Etterkomarane etter kenitten Hobab, verbror til Moses, fór med Juda-sønene opp frå Palmebyen til Juda-øydemarka sør for Arad og vart buande saman med folket der.

17. Juda gjekk med Simeon, bror sin, og dei vann over kanaanearane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma.

18. Så tok Juda Gasa, Asjkalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane.

19. Herren var med Juda, og dei la under seg fjellbygdene. Men folket som budde på sletta, greidde dei ikkje å driva bort; for dei hadde jernvogner.

20. Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå.

21. Men Benjamins-sønene dreiv ikkje ut jebusittane, som budde i Jerusalem. Jebusittane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønene og har butt der til denne dag.

22. Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.

23. Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus.

24. Speidarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen, og dei sa til han: «Syn oss kvar vi kan koma inn i byen, så skal vi spara deg.»

25. Så synte han dei kvar dei kunne koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætta hans lét dei fara sin veg.

26. Han fór til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus; og det har han heitt til denne dag.

27. Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sjean, Ta’anak, Dor, Jibleam og Megiddo og småbyane som låg der ikring. Kanaanearane greidde å halda seg der i landet.

28. Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut.

29. Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei.

30. Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid.

31. Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32. Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut.

33. Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei.

34. Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35. Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja’albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg.

36. Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skaret og oppetter frå Sela.

»