Logo
🔍

Dommerne bok 5 N78NN

« Debora-kvadet

1. Den dagen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2. Israels hovdingar ¬budde seg til strid, og folket møtte viljug fram. Lova Herren!

3. Høyr, de kongar! ¬Lyd etter, de hovdingar! Eg vil syngja for Herren, syngja og spela for Israels Gud.

4. Herre, då du gjekk ut frå Se’ir, då du skreid fram ¬frå Edoms-marka, då riste jorda, ¬og himmelen draup, vatnet strøymde frå skyene.

5. Fjella skalv for Herren, ja, Sinai skalv for Herren, ¬Israels Gud.

6. I Sjamgars, Anat-sonens, dagar, i Jaels tid, låg vegane aude. Ferdafolk laut fara ¬utanfor allfarveg.

7. Det fanst ingen førar i Israel før eg, Debora, stod fram, før eg stod fram, ei mor i Israel.

8. Dei valde seg nye gudar. Då stod det strid i portane. Men kvar såg ein skjold og spyd hjå dei førti tusen i Israel?

9. Mitt hjarta bankar ¬for Israels hovdingar, for folket som viljug møtte fram. Lova Herren!

10. Tenk etter, ¬de som rid på blakke esel, de som sit på dyre teppe, og de som vandrar etter vegen.

11. Høyr kor dei jublar, dei som deler hærfang ¬attmed brunnane. Der prisar dei ¬Herrens rettferdsverk, hans frelsesverk ¬mot folket i Israel. Då steig Herrens folk ¬ned til portane.

12. Vakna, Debora, vakna! Vakna, røysta i og kved! Reis deg, Barak! Før fangane bort, ¬du Abinoamsson!

13. Då drog dei ned til hovdingane, dei som var att; Herrens folk ¬drog ned til meg som heltar.

14. Frå Efraim steig dei ned i dalen, så kom Benjamin ¬mellom dine ætter. Frå Makir steig hovdingar ned; frå Sebulon kom menn ¬med førarstav.

15. Hovdingar frå Jissakar ¬fylgde Debora; Jissakar kom, ¬og Barak var med; i hans fotefar fylgde dei ¬ned i dalen. Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar.

16. Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene, lydande på hjuring-fløyter? Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar.

17. Gilead heldt seg i ro på den andre sida av Jordan. Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa? Asjer som budde ¬utmed havsens strand, inni vikane heldt han seg i ro.

18. Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet; det same gjorde Naftali på høgdene der striden stod.

19. Kongar kom og stridde, ja, Kanaans kongar stridde ved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken; men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang.

20. Stjernene stridde ¬frå himmelen, frå sine baner ¬stridde dei mot Sisera.

21. Kisjon-bekken ¬reiv fienden bort, den eldgamle Kisjon-bekken. Skrid fram, mi sjel, med kraft!

22. Hardt slo hovane i marka, hestane fór i strykande tan.

23. «Forbanna Meros!» ¬sa Herrens engel. «Forbanna, ja forbanna ¬dei som bur der! For dei kom ikkje Herren ¬til hjelp, dei kom ikkje Herren til hjelp ¬med stridsmenn!»

24. Velsigna framom andre kvinner ¬vere Jael, kona til kenitten Heber. Velsigna vere ho framom alle kvinner ¬som bur i telt.

25. Sisera bad om vatn; ho gav han mjølk, rjome baud ho han ¬i ei storfelt skål.

26. Med venstre handa ¬treiv ho ein teltplugg, med den høgre ein hamar! Så slo ho til Sisera ¬og knuste hans hovud, dreiv pluggen inn ¬og kløyvde hans skalle.

27. For føtene hennar seig han ned, han stupte og vart liggjande. For føtene hennar seig han ned, og der han seig ned, låg han felt.

28. Mor til Sisera ¬ser ut gjennom glaset; ho stirer ut gjennom gluggen ¬og ropar: «Kva ventar vogna hans etter? Kvi dryer tråvarane hans?»

29. Dei klokaste fruene hennar ¬svarar, og ho tek det opp att ¬gong på gong:

30. «Visst finn dei hærfang å skifta: Ei jente eller to til manns, hærfang av fargerikt ty ¬til Sisera, hærfang av fargerikt ty, eit klede eller to ¬med gilde fargar, til å ha om halsen.»

31. Såleis skal dei gå til grunne, alle dine fiendar, Herre. Men dei som elskar deg, skal vera som sola når ho renn i sitt velde. Sidan hadde landet fred i førti år.

»