Logo
🔍

Dommerne bok 7 N78NN

« Gideon vinn over midjanittane

1. Jerubba’al, det er Gideon, tok ut tidleg om morgonen med alle mennene sine. Han leira seg attmed Harod-kjelda såleis at han hadde midjanitthæren nord for More-haugen, nede på sletta.

2. Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på så mange; elles kunne Israel briska seg mot meg og seia: Det er mi eiga hand som har berga meg!

3. Rop no ut for folket: Den som er redd og fælen, kan snu og fara heim att frå Gilead-fjellet.» Då var det tjueto tusen mann som fór heim, og ti tusen vart att.

4. Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.»

5. Så lét Gideon folket gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.»

6. Dei som førte vatnet til munnen med handa og lepja, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk av vatnet.

7. Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.»

8. Så tok dei med seg maten åt folket og horna deira. Og Gideon lét alle dei andre israelittane fara heim, så nær som dei tre hundre; dei hadde han hjå seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.

9. Då det vart natt, sa Herren til Gideon: «Gjer deg ferdig og far ned til leiren! Eg gjev han i dine hender.

10. Er du redd, så gå fyrst ned med Pura, tenaren din!

11. Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren.

12. Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand.

13. Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde sidemannen sin ein draum. Han sa: «No skal du høyra kva eg har drøymt: Eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram til eit telt, støytte det mot teltet og velte det, så det vart liggjande.»

14. Då svara hin: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet åt Gideon Joasjson, israelitten. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»

15. Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad Gud. Han gjekk attende til Israels-leiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanitthæren i hendene dykkar.»

16. Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle horn og tome krukker i hendene og faklar til å ha inni krukkene.

17. Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg.

18. Når eg og alle dei som er med meg, blæs i horn, skal de òg blåsa i horn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»

19. Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg.

20. Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!»

21. Men dei vart ståande kvar på sin plass rundt ikring leiren. Då tok alle som var i leiren, til å renna att og fram. Og ropande rømde dei.

22. Og Herren laga det så at då dei høyrde ljomen av dei tre hundre horna, vende dei sverda sine mot kvarandre alle som i leiren var. Hæren rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.

23. Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane.

24. Over heile Efraims-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane, og steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan.

25. Dei fanga to av midjanitthovdingane, Oreb og Se’eb. Oreb drap dei på Orebs-berget, og Se’eb ved Se’ebs-pressa, og så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Se’eb tok dei med til Gideon på hi sida av Jordan.

»