Logo
🔍

Klagesangene 1 N78NN

Sion syrgjer

1. Å, kor einsam ho sit, byen som før var ¬så folkerik! Ho som var stor mellom folka, sit no enkje. Fyrstinna mellom landa må gjera tvangsarbeid.

2. Ho græt så sårt om natta, tårene renn på hennar kinn. Mellom alle sine elskarar har ho ingen som trøystar. Alle hennar vener har svike, dei har vorte hennar fiendar.

3. Bort frå landet laut Juda fara, ut or naud og tung trældom. No bur ho mellom folka og finn ikkje ro. Alle hennar forfylgjarar ¬nådde henne att midt i trengslene.

4. Vegane til Sion syrgjer fordi ingen kjem til høgtidene. Alle portane i byen er aude, og prestane der må sukka. Dei unge jentene er fulle ¬av sut, og sjølv har ho bitter sorg.

5. Dei som står henne imot, ¬har makta, hennar fiendar ¬kjenner seg trygge. Herren har late henne lida fordi hennar synder ¬var mange. Borna hennar laut fara ¬i fangenskap, fienden førte dei bort.

6. Sions dotter har mist all sin prydnad. Hennar stormenn ¬vart som hjortar som ikkje finn beite. Kraftlause gjekk dei av stad framfor han som dreiv dei.

7. I si naud og heimløyse må Jerusalem minnast alt det herlege ho hadde heilt ifrå gamle dagar. Men folket fall i fiendehand og hadde ingen til å hjelpa. Fiendane såg på henne og lo fordi det var ute med henne.

8. Jerusalem har synda grovt, difor har dei uvilje mot henne. Alle som æra henne, vanvørder henne no, for dei har sett henne naken. Sjølv må ho sukka ¬og snu seg bort.

9. Ureinskapen viser seg ¬på hennar slep; ho hadde ikkje tenkt ¬det skulle enda så. Utruleg djupt har ho sokke, og ingen trøystar henne. «Herre, sjå mi naud, sjå korleis fienden triumferer!»

10. Fienden rette ut handa etter alle hennar skattar. Ho laut sjå at heidningar kom inn i hennar heilagdom, endå ho hadde nekta dei å vera med i din lyd.

11. Alt hennar folk må sukka medan dei leitar etter brød. Dei byter sine skattar i mat, så dei kan berga livet. «Sjå, Herre, og legg merke til kor vanvørd eg er!»

12. Å, alle de ¬som fer framom på vegen, gjev akt og sjå ¬om det finst ei liding så tung som den eg har røynt, den Herren har late meg lida på sin brennande vreidedag.

13. Herren sende eld ¬frå det høge, som gjekk meg ¬gjennom merg og bein. Han sette ut garn for mine føter og støytte meg unna. Han har gjort meg einsam, all dagen er eg sjuk.

14. Han vakta på mine synder som var knytte saman ¬i hans hand. Dei låg som eit åk ¬på min nakke og har brote mi kraft. Herren har gjeve meg ¬i hendene på folk eg ikkje ¬kan stå meg imot.

15. Herren har vraka alle dei kjemper ¬som fanst hjå meg. Han kalla saman ein flokk ¬imot meg, ville knusa mine unge menn. I vinpressa har Herren trakka Juda, den unge møy.

16. Dette er det eg græt for, tårene strøymer frå augo mine. For langt borte frå meg er dei som kunne trøysta ¬og gje meg mot. Det er ute med borna mine, fienden var for sterk.

17. Sion retter ut sine hender, men det er ingen ¬som trøystar henne. Til strid mot Jakob ¬har Herren mønstra alle hans fiendar rundt ikring. Jerusalem byd dei imot som ei urein kvinne.

18. Herren har fare rettvist fram, for eg var ulydig ¬mot hans bod. Høyr på meg, alle folk, og sjå kva eg må lida! Mine unge jenter og gutar laut fara i fangenskap.

19. Eg ropa på mine elskarar, men dei sveik meg. Mine prestar og styresmenn omkom her i byen medan dei leita etter mat, så dei kunne berga livet.

20. Herre, sjå, eg er i naud, det gjærer i min barm. Hjarta snur seg i mitt bryst, fordi eg var trassig og ulydig. Ute har sverdet ¬drepe mine born, inne i huset rår døden.

21. Dei høyrer kor eg sukkar, og ingen trøystar meg. Alle mine fiendar ¬høyrer om mi ulukke, og det gleder dei ¬at du har sendt henne. Lat han koma, ¬den dagen du varsla, så det går dei like ille ¬som meg.

22. Lat all deira vondskap ¬koma deg for auga! Gjer med dei ¬som du gjorde med meg for alle mine synder. For mine sukkar er mange, og mitt hjarta er sjukt.

»