Logo
🔍

Klagesangene 2 N78NN

« Herren har straffa i sin vreide

1. Å, kor Herren i sin vreide har sveipt Sion ¬i mørke skyer! Han har kasta Israels prydnad frå himmelen ned på jorda. Sin fotskammel ¬kom han ikkje i hug på sin vreidedag.

2. Utan miskunn har Herren øydt alle Jakobs bustader. I sin harme reiv han ned kvar festning for folket i Juda. Han jamna dei med jorda og vanæra riket ¬og stormennene.

3. I brennande vreide ¬hogg han av kvart horn i Israel. Då fienden gjekk på, tok han til seg si høgre hand. I Jakob kveikte han ein eld som loga opp og øydde rundt ikring.

4. Som ein fiende ¬spente han bogen og lyfte si høgre hand. Som ein motstandar drap han alt det som huga vårt auga. Over teltet åt Sions dotter auste han ut sin harme ¬som eld.

5. Herren synte seg ¬som ein fiende og gjorde ende på Israel. Han øydela alle borgene ¬i landet og jamna festningane ¬med jorda. Sorg og sut hopa han opp over Judas dotter.

6. Han herja si hytte ¬som ein snøyer ein hage, gjorde sin samlingsstad ¬til inkje. Herren lét folket på Sion gløyma ¬både høgtid og sabbat. I sin harme og vreide har han vanæra konge og prest.

7. Herren vraka sitt altar og gav opp sin heilagdom. Borgmurane i byen gav han i fiendens hand. Dei ropa høgt i Herrens hus som på ein høgtidsdag.

8. Herren sette seg føre å øydeleggja muren ¬for Sions dotter. Han strekte mælesnora ut, ville riva han ned og tok ikkje handa til seg. Han spreidde sorg ¬over voll og mur, og no har dei sige saman.

9. Portane i byen er sokne i jorda, bommane har han brote ¬og knust. Konge og stormenn ¬er i framandt land, det er inga rettleiing å få. Profetane får ikkje lenger syner frå Herren.

10. Styresmennene på Sion sit tagale på jorda. Dei strøyer mold på hovudet og bind syrgjeplagg om livet. Dei unge jentene i Jerusalem bøyer hovudet mot jorda.

11. Augo mine forgår av gråt, det gjærer i min barm. Eg har mist både mot og kraft, fordi mitt folk er knust, for både born og spedborn sig om på gatene i byen.

12. Dei ropar til mødrene sine: «Kvar får vi brød og vin?» Dei sig om som såra på gatene i byen og dreg sitt siste andedrag på mors fang.

13. Korleis skal eg tala til deg, kva skal eg likna deg med, ¬du Jerusalems dotter? Kva slag samanlikning ¬skal eg bruka til å trøysta deg, Sion, ¬du unge møy? For stor som havet er din skade, kven kan lækja deg?

14. Lygn og svik var synene som profetane dine ¬forkynte deg. Dei synte deg ikkje di skuld, så dei kunne venda ¬din lagnad. Nei, tome, ¬vill-leiande spådomsord fekk dei om deg i synene sine.

15. Alle som fer framom ¬på vegen, slår hendene i hop ¬når dei ser deg. Dei spottar Jerusalems dotter og rister på hovudet åt henne: «Er dette den byen dei kalla den fullkomne venleik, ei glede for all verda?»

16. Alle dine fiendar spilar opp gapet mot deg. Dei pip, skjer tenner og seier: «Vi har gjort ende på henne. Ja, dette er dagen vi venta på; vi fekk då leva og sjå han.»

17. Herren har gjort det han tenkte, han har oppfylt det ordet som han forkynte ¬for lenge sidan. Utan miskunn reiv han ned. Han lét fienden moroa seg ¬over deg og lyfte hornet ¬åt dine motstandarar.

18. Rop av hjarta til Herren, klag di naud, du Sions dotter! Lat tårene renna som bekker dag og natt! Unn deg ikkje kvile, lat ikkje auga få ro!

19. Stå opp, rop høgt om natta, når nattevaktene tek til. Lat det koma fram for Herren, det som fyller ditt hjarta. Lyft dine hender til han og bed om livet ¬for dine småborn, som utmødde av svolt ¬sig saman på alle gatehjørne.

20. Sjå, Herre, og legg merke til kven du fer så ille med. Skal kvinner eta sine born, dei små som dei ber på armen? Skal prest og profet lata livet i Herrens heilagdom?

21. Unge og gamle ligg på jorda, midt i gatene. Mine unge jenter og gutar har falle for sverd. Du drap dei på din vreidedag, då du slakta utan miskunn.

22. Som du samlar folket ¬på ein festdag, så sende du redsler mot meg. Ingen slapp unna og berga seg på Herrens vreidedag. Borna som eg hadde bore ¬og fostra, dei gjorde fienden ende på.

»