Logo
🔍

Klagesangene 3 N78NN

« Liding og von

1. Eg er ein mann ¬som har opplevt naud, Herren nytta staven i harme.

2. Han har drive og ført meg inn i mørker utan ljoske.

3. Ja, mot meg ¬har han vendt si hand, heile dagen, gong på gong.

4. Han lét mitt kjøt ¬og mi hud tærast bort og knuste mine bein.

5. Han bygde opp ikring meg ein mur av beiskleik og møde.

6. På mørke stader ¬lét han meg bu, lik dei som døydde ¬for lenge sidan.

7. Han mura meg inne, ¬så eg ikkje slapp ut, og la meg ¬i tunge bronselekkjer.

8. Jamvel når eg skreik ¬og ropa om hjelp, ville han ikkje høyra mi bøn.

9. Han stengde mine vegar ¬med tilhoggen stein og gjorde mine stigar krokete.

10. Han vakta på meg ¬som ein bjørn, som ei løve frå si gøymsle.

11. Han førte meg på villspor ¬og lama meg, eg vart stiv av redsle.

12. Han spente bogen ¬og sette meg opp til mål for sine piler.

13. Dei piler han hadde ¬i pilehuset, sende han inn i mine nyrer.

14. Eg vart til lått for alt mitt folk, dei spotta meg heile dagen.

15. Beiskt var det ¬han metta meg med, han blanda malurt i mitt staup.

16. Han gav meg småstein ¬å tyggja på og bøygde meg i støvet.

17. Du støytte meg bort, ¬tok freden frå meg, eg gløymde kva lukke er.

18. Eg sa: Det er slutt på mi ære og på mi von til Herren.

19. Tanken på mi naud ¬og heimløyse er som malurt og gift.

20. Likevel må eg tenkja på det, og mi sjel er sorgtyngd.

21. Men ein ting ¬legg eg meg på hjarta, difor har eg von:

22. Det er ikkje ute ¬med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt.

23. Kvar morgon er ho ny, stor er din truskap.

24. Eg seier: Herren er min lut, difor vonar eg på han.

25. Herren er god mot dei som ventar på han ¬og søkjer han.

26. Det er godt ¬å vera still for Herren og venta på hjelp frå han.

27. Det er godt for mannen å bera åk i sin ungdom.

28. Han skal sitja åleine og teia når Herren legg bører på han,

29. bøya seg ned ¬med munnen mot jorda, – kanskje er det von –

30. snu kinnet til den som slår, og la seg metta med vanære.

31. For Herren støyter ikkje bort for alle tider.

32. Valdar han sorg og plage, miskunnar han seg ¬i sin store truskap.

33. For det hugar ikkje Herren å kua eller plaga menneska.

34. Når dei trør under fot alle fangane i landet,

35. rengjer retten for ein mann framfor augo på Den Høgste

36. eller gjer urett ¬mot nokon i ei sak, ser ikkje Herren slikt?

37. Kven kan tala så noko hender når Herren ikkje har bode det?

38. Hender ikkje både vondt og godt etter påbod frå Den Høgste?

39. Kvifor klagar eit menneske ¬som lever? Kvar får syrgja over si synd!

40. Lat oss ransaka ¬og prøva våre vegar og venda om til Herren!

41. Lat oss lyfta hjarta og hender til Gud i himmelen!

42. Vi har synda og vore ulydige, og du har ikkje tilgjeve.

43. Du sveipte deg i vreide, jaga og drap oss utan miskunn.

44. Du sveipte deg i skyer, så inga bøn rakk fram.

45. Til skrap og skrot gjorde du oss midt imellom folkeslaga.

46. Alle våre fiendar spilar opp gapet mot oss.

47. Gru og grav, det vart vår lut, øyding og undergang.

48. Tårene strøymer frå augo mine fordi mitt folk er knust.

49. Tårene renn i eitt frå mitt auga, og det tek ikkje slutt

50. før Herren skodar ned frå himmelen og ser det.

51. Det gjer meg inderleg vondt å sjå alle kvinnene i min by.

52. Dei som var imot meg ¬utan grunn, jaga og jaga meg som ein fugl.

53. Dei dreiv meg levande ¬i ei fallgrav og kasta stein over meg.

54. Vatnet fløymde ¬over mitt hovud; eg tenkte: ¬«No er det ute med meg.»

55. Då ropa eg ditt namn, Herre, djupt nede frå grava.

56. Du høyrde på meg då eg bad: «Du må ikkje lata att øyro for mi bøn om berging!»

57. Du var nær då eg kalla ¬på deg; du sa: «Ver ikkje redd!»

58. Du, Herre, førte mi sak, du løyste meg ut, ¬så eg fekk leva.

59. Du, Herre, såg kva urett ¬eg leid, og hjelpte meg til min rett.

60. Du såg deira store hemnlyst, alle deira vonde planar ¬mot meg.

61. Du høyrde kor dei spotta, ¬Herre, alt det vonde dei planla ¬mot meg.

62. Mine uvener kviskrar og murrar mot meg dagen lang.

63. Sjå, anten dei sit eller står, syng dei nidviser om meg.

64. Du vil gje dei att, Herre, for det dei sjølve har gjort.

65. Du gjer hjarta deira hardt, og sender forbanning over dei.

66. Du forfylgjer dei i vreide, rydjar dei ut ¬under Herrens himmel.

»