Logo
🔍

Tredje Mosebok 8 N78NN

« Moses vigslar Aron og sønene hans til prestar

1. Herren tala til Moses og sa:

2. «Henta Aron og sønene hans, ta prestekleda, salvingsoljen, syndofferoksen, dei to verane og korga med usyrt brød,

3. og kalla heile Israels-lyden saman framfor døra til møteteltet!»

4. Moses gjorde som Herren sa, og lyden samla seg framfor møteteltdøra.

5. Og Moses sa til dei: «Dette har Herren sagt at eg skal gjera.»

6. Då kalla Moses til seg Aron og sønene hans og vaska dei med vatn.

7. Han kledde Aron i kjortelen, spente beltet om han, tok på han kappa, hengde efoden på han, batt om han beltet som høyrde til, og feste efoden med det.

8. Så hadde han brystduken på han, og i brystduken la han urim og tummim.

9. Og han sette hua på hovudet hans, og framme på hua feste han gullplata, det heilage diademet, så som Herren hadde sagt Moses føre.

10. Moses tok salvingsoljen og salva bustaden og alt som var i han, og helga det.

11. Sju gonger skvette han olje på altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med fotstykke. Såleis helga han dei.

12. Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han.

13. Sidan kalla han til seg Arons-sønene, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt huer på dei, såleis som Herren hadde sagt Moses føre.

14. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt oksen.

15. Moses slakta han, tok blodet og strauk det rundt ikring på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Såleis gjorde han soning for altaret og helga det.

16. Så tok han alt feittet på innvolen og leverlappen og begge nyrene med talga som var på dei, og brende det på altaret.

17. Men sjølve oksen, både skinnet og kjøtet og mageinnhaldet, brende han opp utanfor leiren, såleis som Herren hadde sagt han føre.

18. Så leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.

19. Moses slakta han og skvette blodet rundt ikring på altaret.

20. Sjølve veren lema han sund og brende både hovudet og kjøtet og feittet.

21. Innvolen og føtene vaska han i vatn. Så brende han heile veren på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit eldoffer for Herren, så som han hadde sagt Moses føre.

22. Sidan leidde han fram den andre veren, vigslingsveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.

23. Moses slakta han, tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen åt Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

24. Så kalla han til seg sønene hans Aron og strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.

25. Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolen, begge nyrene med talga som var på dei, og så det høgre låret.

26. Og or korga med usyrt brød som stod for Herrens åsyn, tok han ei usyrt kake, ei oljekake og ein brødleiv og la det på feittet og låret.

27. Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det for Herrens åsyn.

28. Moses tok det ut or hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit eldoffer for Herren var det.

29. Så tok Moses bryststykket og svinga det for Herrens åsyn. Det var den delen Moses fekk av vigslingsveren, så som Herren hadde sagt han føre.

30. Og Moses tok av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette på Aron og kleda hans og like eins på sønene hans og kleda deira. Såleis helga han Aron og kleda hans og like eins sønene og kleda deira.

31. Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet attmed møteteltdøra og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, så som eg har sagt: Aron og sønene hans skal eta det.

32. Men det som vert att av kjøtet og brødet, skal de brenna.

33. Og i sju dagar skal de halda dykk innmed møteteltdøra, heilt til den dagen vigslingstida er ute. For sju dagar skal vigsla vara.

34. Som de har gjort i dag, så skal de gjera sidan òg, til soning for dykk, seier Herren.

35. Innmed møteteltdøra skal de vera i sju dagar, både dag og natt, og halda dykk etter det som Herren har fastsett, så de ikkje skal missa livet. For det har eg fått påbod om.»

36. Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde sagt dei gjennom Moses.

»