Lukas’ evangelium 1 N78NN
1. Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss,
2. slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet.
3. No har eg granska alt vel frå fyrst av, og eg har sett meg føre at eg vil skriva det opp for deg i samanheng, vørde Teofilus,
Døyparen Johannes skal verta fødd4. så du kan sjå kor påliteleg det er, det du er opplært i.
5. I den tida då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarja; han høyrde til det prestelaget som hadde namn etter Abia. Kona hans heitte Elisabet og var av Arons-ætta.
6. Begge levde etter Guds vilje. Dei fylgde alle Herrens bod og føresegner, og ingen hadde noko å seia på dei.
7. Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt uti åra.
8. Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag.
9. Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.
10. Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram.
11. Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret.
12. Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han.
13. Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes.
14. Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd.
15. For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande.
16. Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud.
17. Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»
18. Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.»
19. Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds åsyn. Eg er send for å tala til deg og bera fram dette gledebodet.
20. Men fordi du ikkje trudde orda mine, skal du missa målet og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»
21. Imedan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg over at han drygde så lenge i templet.
22. Men då han kom ut og ikkje kunne tala med dei, skjøna dei at han hadde hatt eit syn der inne. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart mållaus.
23. Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.
24. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader.
Bodskapen til Maria25. «Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.»
26. Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,
27. til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria.
28. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»
29. Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda.
30. Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud.
31. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.
32. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans.
33. Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34. Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?»
35. Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son.
36. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden.
37. For ingen ting er umogeleg for Gud.»
Maria og Elisabet38. Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att.
39. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til ein by i Juda.
40. Der gjekk ho inn i huset åt Sakarja og helsa på Elisabet.
41. Då Elisabet høyrde helsinga hennar Maria, rørte barnet seg i livet hennar. Ho vart fylt av Den Heilage Ande
42. og sa med høg røyst: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet du ber.
43. Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg?
44. For då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd.
45. Ja, sæl er ho som trudde at det skulle oppfyllast, det Herren hadde sagt til henne.»
46. Då sa Maria: Mi sjel høglovar Herren,
47. og mi ånd frydar seg over Gud, ¬min frelsar.
48. For han har sett ¬til si ringe tenestkvinne. Frå no av skal alle ætter ¬prisa meg sæl,
49. for store ting har han gjort ¬mot meg, han, den mektige, ¬heilagt er hans namn.
50. Hans miskunn varer ¬frå ætt til ætt for dei som har age for han.
51. Storverk gjorde han ¬med sin sterke arm; han spreidde dei ¬som bar på hovmodstankar,
52. og støytte stormenn ned ¬frå trona, men lyfte dei låge opp.
53. Han metta dei svoltne ¬med gode gåver, men sende dei rike ¬tomhendte bort.
54. Han tok seg av Israel, ¬tenaren sin, så han kom i hug
55. sin lovnad til fedrane våre og synte miskunn ¬mot Abraham og hans ætt – til evig tid.
Johannes vert fødd56. Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att.
57. Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.
58. Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne.
59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,
60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»
61. «Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei.
62. Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast.
63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,
64. men i det same fekk Sakarja att mål og mæle, og han tok til å prisa Gud.
65. Då kom det otte over alle dei som budde der ikring, og ordet om det som hadde hendt, breidde seg over alle fjellbygdene i Judea.
66. Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand.
67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord:
68. Lova vere Herren, Israels Gud, for han har gjesta sitt folk ¬og løyst det ut.
69. Han har reist for oss ¬eit horn til frelse i sin tenar Davids ætt,
70. så som han lova ¬i gamle dagar, då han tala gjennom ¬sine heilage profetar
71. om å frelsa oss frå våre fiendar og frå alle dei som hatar oss.
72. Han vil syna miskunn ¬mot fedrane våre og minnast si heilage pakt,
73. den lovnaden han gav ¬vår far Abraham med eid,
74. så vi, frelste frå fiendehand ¬og utan otte, kan tena han
75. for hans åsyn med heilag hug og rettferd alle våre dagar.
76. Og du, barn, skal kallast profet ¬for Den Høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydja veg for han
77. og læra folket hans ¬å kjenna frelsa, at syndene deira vert tilgjevne,
78. for vår Gud er rik på miskunn. Så skal ljoset frå det høge gjesta oss som ei solrenning
79. og skina for dei som bur i mørker og dødsskugge, og styra føtene våre ¬inn på freds veg.
80. Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel.