Lukas’ evangelium 3 N78NN
1. Det var i det femtande styringsåret åt keisar Tiberius. Pontius Pilatus var då landshovding i Judea, Herodes var fylkeskonge i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,
2. og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarja, i øydemarka.
3. Og han fór omkring i heile Jordan-landet, og forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine,
4. som det står skrive i boka med orda åt profeten Jesaja: Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette!
5. Kvar dal skal fyllast, kvart fjell, kvar haug ¬skal jamnast. Dei krokete vegane ¬skal rettast ut, dei ujamne stigane verta slette.
6. Og alle menneske ¬skal sjå Guds frelse.
7. I flokk og fylgje drog folk ut til Johannes og ville at han skulle døypa dei. Men han sa: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den straffedomen som skal koma?
8. Så ber då frukt som svarar til omvendinga! Kom ikkje og sei: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane.
9. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»
10. «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.
11. Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»
12. Det kom òg nokre tollarar og ville verta døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»
13. «Krev ikkje meir enn de har rett til,» svara han.
14. «Kva så med oss,» spurde nokre soldatar, «kva skal vi gjera?» Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske klagemål, men ver nøgde med løna dykkar.»
15. Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.
16. Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.
17. Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
18. Dette og mykje anna la han folket på hjarta medan han bar fram bodskapen sin.
19. Men då han refste fylkeskongen Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt,
(Matt 3,13–17; Mark 1,9–11; Joh 1,32–34)20. la Herodes ei ny misgjerning attåt alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.
21. Alt folket lét seg no døypa, og Jesus òg vart døypt. Då hende det medan han stod og bad, at himmelen opna seg,
(Matt 1,1–17)22. og Den Heilage Ande dala ned over han i dueskapnad. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i!»
23. Jesus var ikring tretti år gamal då han tok til med si gjerning. Folk meinte at han var son til Josef, som var son til Eli,
24. son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef,
25. son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai,
26. son til Ma’at, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda,
27. son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sealtiel, son til Neri,
28. son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er,
29. son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi,
30. son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim,
31. son til Melea, son til Manna, son til Mattata, son til Natan, son til David,
32. son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Naksjon,
33. son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda,
34. son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nakor,
35. son til Serug, son til Re’u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah,
36. son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek,
37. son til Metusjalah, son til Enok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan,
38. son til Enosj, son til Set, son til Adam, Guds son.