Logo
🔍

Lukas’ evangelium 9 N78NN

« (Matt 10,1. 9–15; Mark 6,7–13)

1. Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt og velde over alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar.

2. Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att.

3. Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller skreppe eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.

4. Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer lenger.

5. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

(Matt 14,1–2; Mark 6,14–16)

6. Så tok dei ut og fór ikring frå landsby til landsby og forkynte den glade bodskapen og lækte folk kvar dei kom.

7. Fylkeskongen Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes hadde stått opp frå dei døde,

8. andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.

(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Joh 6,1–13)

9. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga; kva er så dette for ein som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.

10. Apostlane kom attende og fortalde Jesus alt det dei hadde gjort. Då tok han dei med seg bortover mot ein by som heiter Betsaida; han ville vera åleine med dei.

11. Men folk fekk vita det og fylgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som lækjedom trong.

12. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her ikring. Der kan dei finna hus og få seg eitkvart å eta. For her er vi på ein øydestad.»

13. «Gjev de dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»

14. Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»

15. Det gjorde dei, og lét alle setja seg.

16. Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle dela ut til folket.

(Matt 16,13–16. 21; Mark 8,27–33)

17. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

18. Ein gong han var åleine og bad, og berre læresveinane var med han, spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»

19. «Døyparen Johannes,» svara dei, «men somme seier Elia, og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»

20. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»

21. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

(Matt 16,24–28; Mark 8,34–9,1)

22. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.»

23. Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg.

24. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det.

25. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne?

26. For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane.

(Matt 17,1–8; Mark 9,2–8)

27. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

28. Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be.

29. Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite.

30. Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia.

31. Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem.

32. Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han.

33. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa.

34. Og medan han tala, kom det ei sky og skygde over dei, og dei vart redde då dei kom inn i skya.

35. Og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»

(Matt 17,14–18; Mark 9,14–20. 25–27)

36. Men då røysta hadde lydt, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Læresveinane tagde med dette, og dei tala den gongen ikkje til nokon om det dei hadde sett.

37. Dagen etter, då dei gjekk ned frå fjellet, kom ein stor folkehop imot han.

38. Best det var, ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, einaste son min!

39. Rett som det er, grip ei ånd han. Ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han; ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.

40. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»

41. Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!»

42. Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og gjorde guten frisk, og gav han attende til faren.

(Matt 17,22–23; Mark 9,30–32)

43. Og alle var fulle av undring over Guds velde. Medan alle undra seg over det han hadde gjort, sa han til læresveinane:

44. «Legg merke til det eg no seier: Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske.»

(Matt 18,1–5; Mark 9,33–37)

45. Men dette skjøna dei ikkje. Det var løynt for dei, så dei ikkje fekk tak i det. Og dei våga ikkje å spørja han om det han hadde sagt.

46. Læresveinane tok til å tenkja på kven som var den største av dei.

47. Men Jesus skjøna kva for tankar dei gjekk med. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg

(Mark 9,38–40)

48. og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»

49. Då greip Johannes ordet: «Meister, vi såg ein mann som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i lag med oss.»

Jesus og samaritanane

50. Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han. For den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»

51. Då det leid mot den tida at Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; dit ville han fara.

52. Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby og ville tinga hus til han.

53. Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han var på veg til Jerusalem.

54. Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei, såleis som Elia gjorde?»

55. Men han snudde seg og tala strengt til dei. «De veit ikkje kva ånd de er av,» sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa.»

(Matt 8,19–22)

56. Så gjekk dei til ein annan landsby.

57. Medan dei fór etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil fylgja deg kvar du så går.»

58. Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

59. Til ein annan sa han: «Fylg meg!» Men mannen svara: «Lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»

60. Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»

61. Det var ein annan òg som sa: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er.»

62. Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike.»

»