Logo
🔍

Profeten Malaki 1 N78NN

Eg har dykk kjær

1. Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki.

2. «Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren. Men de spør: «Korleis har du synt at du har oss kjær?» «Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?» lyder ordet frå Herren. «Likevel hadde eg Jakob kjær,

3. men Esau hadde eg uvilje mot. Eg gjorde fjella hans til ei audn, arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.»

4. Når edomittane seier: «Vi er knuste, men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,» då seier Herren, Allhærs Gud: «Lat dei byggja, ¬men eg riv ned. Dei skal kallast ¬det gudlause landet og folket som Herren ¬for alltid er harm på.»

Korleis prestane vanvørder Herren

5. De skal sjå det med eigne augo ¬og seia: «Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»

6. Ein son ærar far sin, og ein træl har age ¬for herren sin. Men er eg far, ¬kvar er då mi ære, og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg? seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk, de prestar ¬som vanvørder mitt namn. De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?»

7. Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar. De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?» Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.»

8. Når de vil ofra eit blindt dyr, er ikkje det gale? Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt, er ikkje det gale? Kom med slikt ¬til statthaldaren din! Trur du han vil synast om deg eller ta vel imot deg? seier Herren, Allhærs Gud.

9. Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje, så han kan vera nådig mot oss. Når de har gjort slikt, kan han då syna godhug ¬for dykk? seier Herren, Allhærs Gud.

10. Om det berre fanst nokon ¬mellom dykk som ville stengja ¬tempeldørene, så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar. Eg har ingen hugnad i dykk, seier Herren, Allhærs Gud, og vil ikkje ha dei offergåvene som de ber fram.

11. Frå lengst i aust til lengst i vest er mitt namn stort ¬mellom folkeslaga. Alle stader ¬brenner dei reine offer som dei ber fram for meg; for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga, seier Herren, Allhærs Gud.

12. Men de vanhelgar mitt namn når de seier ¬at Herrens bord er ureint, og at maten på det ¬er ring frukt.

13. De tenkjer: «Å, for eit strev!» og blæs åt det, seier Herren, ¬Allhærs Gud. De kjem med dyr som er røva, og med dyr som er halte ¬eller sjuke, når de ber fram offergåver. Skulle eg ha hugnad i slike gåver frå dykk? ¬seier Herren.

14. Forbanna vere den ¬som fer med svik, som har eit hanndyr ¬i buskapen og lovar å gje det til Herren, men i staden ofrar eit dyr ¬som er skadt. For eg er ein stor konge, seier Herren, Allhærs Gud, mellom folkeslaga ¬står det age av mitt namn.

»