Logo
🔍

Profeten Malaki 2 N11NN

«

1. Og no, prestar, til dykk er dette bodet:

2. Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk dette på hjartet så de gjev namnet mitt ære, seier Herren over hærskarane, då sender eg forbanning mot dykk. Eg forbannar dykkar velsigning, ja, eg har forbanna henne fordi ho ikkje ligg dykk på hjartet.

3. Sjå, eg trugar ætta dykkar! Slakteavfall frå festane dykkar kastar eg i andletet på dykk, og saman med det skal de berast bort.

4. Då skal de kjenna at det er eg som har sendt dykk dette bodet, så mi pakt med Levi kan stå ved lag, seier Herren over hærskarane.

5. Mi pakt med han var liv og fred som eg gav han. Han skulle ha ærefrykt for meg og skjelva for namnet mitt.

6. Sann rettleiing var i hans munn, det fanst ikkje svik på leppene. I fred og rettferd vandra han med meg og fekk mange til å venda om frå skuld.

7. For prestens lepper tek vare på kunnskap, rettleiing skal ein søkja frå hans munn. For han er sendebod frå Herren over hærskarane.

8. Men de har bøygd av frå vegen. De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla. De har brote Levi-pakta, seier Herren over hærskarane.

Blandingsekteskap og skilsmisse

9. Difor gjer eg dykk ynkelege og forakta av heile folket, for de følgjer ikkje mine vegar, men gjer skil på folk når de rettleier.

10. Har vi ikkje alle éin far, har ikkje den eine Gud skapt oss? Kvifor er vi då trulause mot kvarandre og vanhelgar pakta til fedrane våre?

11. Juda har bore seg trulaust åt, avskyelege ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. For Juda har vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og gift seg med dottera til ein framand gud.

12. Måtte Herren rydda ut frå Jakobs telt kvar mann som gjer slikt – kven det så måtte vera – og som ber fram offer til Herren over hærskarane.

13. Og dette er det andre de gjer: Med tårer dekkjer de Herrens altar, med gråt og sukk fordi han ikkje lenger vil sjå på gåva eller ta imot offer frå dykkar hand med glede.

14. De seier: «Kvifor?» Fordi Herren er vitne i saka mellom deg og din ungdoms kvinne, som du er utru mot, din ektemake, di paktkvinne.

15. Er det ikkje éin som har skapt alt? Både kropp og ånd er hans. Og kva søkjer denne eine? Ei guddomleg slekt. Så vakta vel dykkar ånd! Ver ikkje utru mot din ungdoms kvinne!

Når Herren kjem

16. Den som får uvilje mot henne og sender henne bort, seier Herren, Israels Gud, skitnar til kleda sine med vald, seier Herren over hærskarane. Så vakta vel dykkar ånd! Ver ikkje trulause.

17. De har trøytta Herren med orda dykkar. De seier: «Kva er det vi har trøytta han med?» Med å seia at alle som gjer vondt, er gode i Herrens auge, ja, at han har glede av dei. Eller: «Kvar er rettens Gud?»

»