Logo
🔍

Profeten Malaki 2 N78NN

« Herrens dom over prestane

1. Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:

2. Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk dette ¬på hjarta, så de ærar mitt namn, seier Herren, Allhærs Gud, så sender eg forbanning ¬mot dykk. Eg gjer di velsigning om ¬til forbanning, ja, eg gjer henne til forbanning fordi de ikkje tek dette ¬til hjarta.

3. Sjå, eg vil truga ætta dykkar. Avfall av offerdyr ¬etter høgtidene dykkar kastar eg i andletet på dykk, og med det skal de berast bort.

4. Då skal de skjøna at det er eg som har sendt dykk dette bodet, så mi pakt med Levi ¬kan stå ved lag, seier Herren, Allhærs Gud.

5. Mi pakt med han ¬gav liv og fred, og det gav eg han ¬så han skulle ottast. Han ottast meg ¬og hadde age for mitt namn.

6. Påliteleg rettleiing ¬var i hans munn, og det fanst ikkje svik ¬på hans lipper. Han ferdast med meg ¬i fred og rettferd og berga mange ¬frå syndeskuld.

7. For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap, frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing, for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud.

8. Men de har vike av frå vegen og fått mange til å falla med den rettleiing ¬de har gjeve. Levi-pakta har de brote, seier Herren, Allhærs Gud.

Herren vil ikkje vita av skilsmål

9. Difor har eg gjort dykk ¬vanvørde og små for heile folket, for de aktar ikkje ¬på mine vegar, men gjer skil på folk når de gjev rettleiing ¬om min vilje.

10. Har vi ikkje alle same far, den eine Gud ¬som har skapt oss? Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandre og vanhelgar våre fedrars pakt?

11. Juda har bore seg trulaust åt, stygge ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. Ja, Juda har vanhelga den heilagdomen ¬Herren elskar, og gift seg med ei kvinne som dyrkar framande gudar.

12. Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs telt kvar ætling av den ¬som gjer slikt, jamvel om han ber fram ¬offergåver til Herren, Allhærs Gud.

13. Og dette er det andre de gjer: De dekkjer Herrens altar med tårer, gråt og sukkar. Men han vil ikkje lenger sjå ¬på gåva eller ta imot dykkar offer ¬med glede.

14. Og de spør: «Kvifor?» Fordi Herren er vitne i saka mellom deg ¬og din ungdoms kone. Du har vore utru mot henne, endå ho er ektemaken din som du er bunden til med pakt.

15. Er det ikkje éin ¬som har skapt henne både med lekam og ånd? Og kva vil så den eine ha? Born som høyrer Gud til. Så akta dykk vel i sjel og hug! Ver ikkje utru ¬mot din ungdoms kone!

Når Herren kjem

16. Eg vil ikkje vita av skilsmål, seier Herren, Israels Gud, og at nokon sveiper ¬sin klednad med valdsferd, seier Herren, Allhærs Gud. Så akta dykk vel i sjel og hug at de ikkje er trulause.

17. De har trøytta Herren ¬med orda dykkar. De spør: «Kva er det ¬vi har trøytta han med?» De seier at alle som gjer vondt, er gode i Herrens augo, ja, at han har hugnad i dei. Eller de spør: «Kvar er Gud som dømer?»

»