Logo
🔍

Profeten Malaki 3 N78NN

«

1. Sjå, eg sender ¬min bodberar, han skal rydja vegen ¬for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter. Sjå han kjem, ¬engelen for pakta som de stundar etter, seier Herren, Allhærs Gud.

2. Men kven kan tola ¬den dagen han kjem, kven kan stå seg ¬når han syner seg? For han er lik elden ¬som smeltaren brukar, lik luten ¬som vaskarane reinsar med.

3. Han skal sitja ¬og smelta og reinsa sølvet. Han skal reinsa levittane, reinsa dei som gull og sølv, så dei kan bera fram for Herren offergåver på rett vis.

4. Då skal Herren gleda seg over offergåvene ¬frå Juda og Jerusalem som i eldgamle dagar, ¬i framfarne år.

Israels svik og ulukke

5. Eg kjem til dykk og held dom. Eg skundar meg å vera vitne mot dei som driv ¬med trolldom, mot dei som bryt ekteskapet, mot dei som gjer rang eid, og mot dei som held att løna ¬for leigekaren, er harde med enkjer ¬og farlause og rengjer retten ¬for innflyttaren, men ikkje har age for meg, seier Herren, Allhærs Gud.

6. Eg, Herren, ¬har ikkje forandra meg, og de, Jakobs søner, ¬er støtt dei same.

7. Heilt frå dykkar fedrars tid har de vike av ¬frå mine føresegner og ikkje halde dei. Vend tilbake til meg, så skal eg venda meg til dykk, seier Herren, Allhærs Gud. Men de spør: «Korleis ¬skal vi venda tilbake?»

8. Kan eit menneske røva noko ¬frå Gud? For de svik meg, ¬men spør likevel: «Kva er det vi har røva ¬frå deg?» Tienda og avgiftene!

9. Forbanning kviler over dykk ¬som svik meg, det gjeld heile folket.

10. Kom med heile tienda ¬til forrådshuset, så det kan finnast mat ¬i mitt hus, og prøv meg på denne måten, seier Herren, Allhærs Gud. Då skal eg opna ¬himmelens luker og renna ut over dykk velsigning i rikt mål.

11. Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk, så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka; frukta skal ikkje slå feil på vintrea i hagen, seier Herren, Allhærs Gud.

Dom og frelse på Herrens dag

12. Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle, for då har de eit ynskeland, seier Herren, Allhærs Gud.

13. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren. Og likevel spør de: «Kva er det vi har sagt ¬mot deg?»

14. De seier: «Det er fåfengt å dyrka Gud. Kva vinning har vi hatt av at vi retta oss etter det ¬han har fastsett, og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud?

15. Men no vil vi prisa ¬dei frekke sæle, for dei gjer det vonde, ¬men det går dei vel, dei freistar Gud ¬og slepp likevel unna.»

16. Dei som har age for Herren, ¬tala då saman, og Herren lydde etter ¬og høyrde kva dei sa. Hjå han vart det skrive ¬ei minnebok om dei som ottast Herren ¬og ærar hans namn.

17. Den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud, skal dei vera min eigedom, og eg vil vera mild mot dei, liksom ein mann er mild mot son sin som tener han.

18. Då skal de atter sjå skil på rettferdige og gudlause, på dei som dyrkar Gud, og dei som ikkje dyrkar han.

»