Logo
🔍

Profeten Malaki 4 N78NN

«

1. Sjå, dagen kjem, ¬han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, ¬skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att.

2. Men for dykk ¬som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom ¬under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk ¬som kalvar når dei slepp or fjøset.

Formaning og lovnad

3. Då skal de trakka ned ¬dei gudlause, dei skal vera som støv ¬under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud.

4. Kom i hug lova åt Moses, ¬tenaren min, den eg gav han på Horeb ¬for heile Israel, både føresegner ¬og domsreglar.

5. Sjå, eg sender profeten Elia ¬til dykk før Herrens dag kjem, ¬den store og skræmande.

6. Han skal venda fedrehjarto ¬til borna og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma ¬og bannstøyta landet.