Logo
🔍

Matteus’ evangelium 1 N11NN

(Luk 3,23–38)

1. Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:

2. Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans.

3. Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram,

4. Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Nahsjon, Nahsjon fekk Salma,

5. Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai,

6. og Isai vart far til David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona til Uria,

7. Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa,

8. Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia,

9. Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia,

10. Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia,

11. og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.

12. Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel,

13. Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,

14. Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud,

15. Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,

16. og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

(Luk 2,1–7)

17. Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

18. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande.

19. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille.

20. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande.

21. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

22. Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

23. Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

24. Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si

25. og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

»