Logo
🔍

Matteus’ evangelium 1 N78NN

(Luk 3,23–38)

1. Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:

2. Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans.

3. Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram,

4. Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma;

5. Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai,

6. og Isai var far til kong David. David fekk sonen Salomo med kona til Uria,

7. Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa,

8. Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia,

9. Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, Akas fekk Hiskia,

10. Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia,

11. og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.

12. Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel,

13. Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,

14. Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud,

15. Eliud fekk Elasar, Elasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,

16. og Jakob var far til Josef, mannen til Maria. Ho fødde Jesus, han som vert kalla Kristus.

(Luk 2,1–7)

17. Såleis er det i alt fjorten ættleder frå Abraham til David, fjorten ættleder frå David til Babylon-ferda, og fjorten ættleder frå Babylon-ferda fram til Kristus.

18. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande.

19. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne.

20. Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande.

21. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

22. Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

23. Sjå, møya skal verta med barn ¬og føda ein son, og han skal kallast Immanuel – det tyder: Gud med oss.

24. Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og tok brura si heim til seg.

25. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fått sonen sin; honom kalla han Jesus.

»