Matteus’ evangelium 13 N11NN
1. Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.
2. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.
3. Så tala han til dei i mange likningar og sa: «Ein såmann gjekk ut for å så.
4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
5. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.
6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.
8. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
(Mark 4,10–12; Luk 8,9–10)9. Den som har øyre, høyr!»
10. Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»
11. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.
12. For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.
13. Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.
14. På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja!
15. For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.
16. Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer.
(Mark 4,13–20; Luk 8,11–15)17. Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.
18. Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:
19. Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.
20. Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.
21. Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.
22. Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.
Ugraset i kveiten23. Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
24. Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.
25. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.
26. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.
27. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’
28. ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.
29. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.
(Mark 4,30–32; Luk 13,18–19)30. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.
(Luk 13,20–21)32. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.»
(Mark 4,33–34)33. Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»
34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.
Jesus forklarar likninga om ugraset35. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.
36. Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»
37. Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.
38. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.
39. Fienden som sådde ugraset, er djevelen. Innhaustinga er enden på verda, dei som haustar inn, er englane.
40. Og slik som ugraset blir sanka saman og brent på elden, slik skal det gå når enden på verda kjem:
41. Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut av riket hans alt som fører til fall, og alle som gjer urett,
42. og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
Skatten og perla43. Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr!
44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.
45. Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.
Fiskenota46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.
47. Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.
48. Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.
49. Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige
50. og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
51. Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei.
(Mark 6,1–6; Luk 4,16–30)52. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.»
53. Då Jesus var ferdig med å fortelja desse likningane, drog han derifrå
54. og kom til heimstaden sin. Der underviste han folket i synagogen deira så dei vart fulle av undring og spurde: «Kvar har han denne visdomen og desse mektige gjerningane frå?
55. Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?
56. Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?»
57. Dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.»
58. Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der fordi dei var så vantruande.